🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om endringer i opplæringsloven og friskoleloven Leirskole og skolebytte i...

Telemark fylkeskommune

Departement: Kunnskapsdepartementet
Mulighet for skoleeier til å fastsette skolebytte for elever i videregående skole Dato: 13.11.2018 Svartype: Med merknad Hovudutval for kompetanse i Telemark fylkeskommune behandla høyringa i møte 06.11.18, sak 54/18, og vedtok følgjande uttale: Telemark fylkeskommune har følgjande kommentarar til det framlagte forslaget, som gjeld høyringsnotatets punkt 3, Mulighet for skoleeier til å fastsette skolebytte for elever i videregående skole: Prinsippet om eit mogeleg skulebytte for mobbarar framfor flytting av mobbeofra, er både rett og rimeleg. Ein av skulane i Telemark, Skien videregående skole, skriv mellom anna at det kan vere alvorlege mobbesaker eller overgrepssaker, der omsynet til offeret/ofra eller konsekvensar for til eksempel klassemiljø og skulemiljø, må vege tyngre enn den eine elevens (mobbar/overgripar/den som utøver fysisk og psykisk vold) og foreldras ønskje om ein spesiell skule. Understrekinga av at skulebytte er eit tiltak som bare må brukast i heilt spesielle tilfelle, og når andre tiltak er prøvd, er viktig. Departementet legger til grunn at «oppførselen til eleven i alvorlig grad går ut over tryggheten eller læringen til en eller flere medelever, og at skolebytte bare skal kunne brukes når mindre inngripende tiltak ikke kan gi medelevene et trygt og godt skolemiljø». Telemark fylkeskommune ser for seg at ordninga ikkje bør bli brukt i stort omfang, samstundes som at den heller ikkje må vere ubrukt. Skulane og fylkeskommunane er ikkje tent med ein ordning som tek seg fint ut på papiret, men det er eit inngripande verkemiddel, eit verkty for spesielle tilfelle. Ein av skulane i Telemark, Bamble videregående skole, peikar på at dette er eit tiltak som bør nyttast dersom kortvarig utvisning ikkje har ført fram, samstundes som dette er eit mindre inngripande tiltak enn permanent utvising. Skulebytte kan nyttast for å skjerme medelever, og for å markere konsekvens. Ved eit skulebytte som foreslått vil eleven etter kort tid returnere til læringssituasjonen. Føringar for å fatte vedtak om å bytte skule bør normalt vere at tiltak i elevgruppa, og i tillegg ein utvisning, ikkje har ført til ein betring av situasjonen. Rettstryggleik er viktig for alle borgarar, også for elevar som plagar andre. Det er derfor viktig med tydelege prosedyrar som fating av enkeltvedtak, rett for eleven til å uttale seg og bli hørt, rett til å klage osb., slik forslaget legg opp til. Telemark fylkeskommune støttar at det er fylkeskommunen som skuleeigar, og ikkje den enkelte vidaregåande skule, som skal forvalte ordninga, i samarbeid med skulane. Dette er eit riktig prinsipp. Det sikrar tilstrekkeleg distanse og mogelegheit til å sjå etter løysingar i eit heilskapleg perspektiv, og elevar som bytar skule blir ikkje så lett ein «kasteball» mellom skular. Telemark fylkeskommune støttar endeleg forslaget om at Fylkesmannen er klageinstans i ordninga, til liks med tilsvarande ordning innafor grunnskolen. Dette er ein klok ordning som bidreg til rettstryggleik og klare linjer. Det vil vere uheldig om same instans som har gjort vedtaket også skal handsame ei klage, i ein så alvorleg sak. Vidare bidreg ein samling av tilsvarande saker til eit større volum, noe som er viktig for å utvikle erfaring og kompetanse i eit fagmiljø, knytt til lovendringa og praktiseringa av denne. Telemark fylkeskommune har merka seg at departementet i høyringsnotatet, under punkt 3.3.2 Andre tiltak i saker om skolemiljø , inviterer høyringsinstansane til å spele inn eksempel på typiske situasjonar eller tiltak som kan være egna i skulemiljøsaker, men som høyringsinstansane meiner det ikkje er rettsleg grunnlag for per i dag. Telemark fylkeskommune ser at skulane ofte står i krevjande situasjonar, der det ofte ikkje finnast enkle løysingar. Men me vil særleg peike på ei problemstilling som gjeld inntak til vidaregåande skule, der det kanskje er mogeleg å finne løysingar som i dag er problematiske fordi fylkeskommunen manglar heimel. Telemark fylkeskommune har kvart år ein eller to saker der det har oppstått situasjonar som vold, mobbing, trakassering og liknande blant elever. Inntakskontoret blir bede om å tilby eleven skuleplass ved ein annan skule eller gi opplæring ein annan stad. Rettigheitene til søkjarane står sterkt i lovverket når det gjeld inntak. Opplæringslova § 3-1 gir søkjaren rett til eitt av tre utdanningsprogram. Altså må fylkeskommunen tilby eitt av dei tre ynskja (programområda) på søknaden. Dessutan må inntakskontoret ta omsyn til fylgjande ved inntaket: o § 6-14.Rekkjefølge ved inntak til Vg1. o §6-21 Utrekning av poeng. Telemark fylkeskommune vil nemne fylgjande eksempel: Eksempel 1 2 elevar (jente og gut) kjem frå grunnskulen, og har søkt Vg1 Studiespesialisering på same skule. Både to har høg nok poengsum til å få eit tilbod ved denne vidaregåande skulen. Før inntaket blir inntakskontoret gjort merksam på ein trakasseringssak som gjeld dei to, og fylkeskommunen får tilsendt kopi av eit vedtak frå politiet. Med denne dokumentasjonen legg inntakskontoret til eit nytt ynskje (same utdaningsprogram, men ved ein annan skule) på guten sin søknad, slik at han får eit tilbod på ein annan skule enn det han har søkt. Vedtaket blir påklaga med grunngjeving at guten har poengsum nok til å kome inn på sitt opphavelege 1. ynskje (same skule som jenta), og at han derfor ikkje tar imot tilbodet som fylkeskommunen har gitt han. Dermed må fylkeskommunen gå tilbake på vedtaket, grunna manglande heimel til å plassere guten på ein annan skule. Eksempel 2 Ein elev har sett fram alvorlege truslar mot personalet og skulen, då vedkommande gikk på Vg1. Eit vedtak om brot på kap. 9A (elevenes skolemiljø) er og ein del av saken. Søkjaren ynskjer seg til «sin skule» men rektor ønsker ikkje å ha vedkommande tilbake som elev på Vg2. Inntakskontoret har ikkje heimel for å gi han eit tilbod ved ein annan skule, men finn ei minneleg løysing, ved å få eleven til å endre søknaden sin. Men det finnast og tilfelle der eleven ikkje vil samarbeide. Utfordring Fylkeskommunen/inntakskontoret ynskjer, på grunnlag av føreliggande dokumentasjon, å gi søkaren eit tilbod på ein annan skule enn det han/ho har søkt, sjølv om søkjaren har poengsum nok til å få tilbod ved «sin skule». Manglande heimel er eit hinder i slike saker.  Løysing Telemark fylkeskommune ynskjer ein heimel til å plassere søkjarar på ein annan skole enn den vedkommande har søkt, gjennom ein individuell behandling av søknaden, og på grunnlag av dokumentasjon i saka. Det betyr at vedkommande blir plassert utanom inntaksrekkefølgja, med det føremål å unngå/førebygge uønskte hendingar og eit eventuelt skulebytte i løpet av skuleåret. Vi meiner dette vil bidra til positivt for fleire, og at det vil gjere det enklare også for den det gjeld, både psykologisk, sosialt og når det gjeld læringsutbytte i skulen. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen