Hareid kommune vedtok i møtet 13. desember 2018 å sende følgande høyringssvar:
"Hareid kommune ser positivt på at det blir set fast i forskrift at den foreløpige oppteljinga skal skje manuelt. Dette er med på å sikre at valet blir gjennomført på ei tillitsvekkande og korrekt måte. Sjølv om risikoen for sikkerheitsbrot kanskje er mindre ved lokalval, vil eitt tilfelle i éin kommune påverke også legitimiteten til valet i andre kommunar.
I Hareid kommune er i dag både den foreløpige og endelege oppteljinga manuell.
Når det gjeld utfordringane med å få førehandsstemmane fram til valstyret innan fristen, meiner Hareid kommune at staten må ta dei ekstra kostnadane som følger av den alternative sendemåten som skisserast opp i kapittel 4.1. Enkelte kommunar vil sende frå seg store mengder førehandsstemmer og kan få høge kostnader knytt til dette.
Det kan også sjå ut som om endringane i postombering kan føre til at valstyret må opprette postboks. Dersom dette berre vil gjelde valstyret og ikkje resten av kommunen, er dette ei mindre endring som ikkje vil påføre kommunen store økonomiske eller administrative kostnader.
Hareid kommune har ingen andre merknader til høyringa."