Nye Sogndal kommune vedtok i fellesnemnda 06.12.2018 å gi høyringssvar i framlegg til endringar i valforskrifta og forskrift om direkte val til kommunedelsutval med følgande innehald:
Manuell teljing
Nye Sogndal kommune ser det som viktig at det er sikkerheit rundt oppteljing av røystesetlar. Vi meiner at det ligg føre risiko for menneskelege feil ved manuell teljing og vil difor rå frå ein slik teljetilnærming også ved første gongs teljingar. Spesielt finn vi risikoen høg for valmedarbeidarar som t.d. må arbeida seint valnatta. Av den grunn er det betre å kvalitetssikre dette gjennom maskinelle teljing. Teljing kan skje ved hjelp av scanner som ikkje er kopla til internett/nettverk slik at sikkerheit ved oppteljing vert ivareteke. Vi ber på denne bakrunn om at tiltak som sikrar slik løysing vert iverksett.
I høyringsnotatet er det lagt til grunn at endringane ikkje vil ha vesentlige økonomiske konsekvensar for kommunane. Sjølv om vi planlegg manuell teljing i god tid, vert det auka kostander knytt til omfang tilsette som skal utføre teljinga.

Sending av førehandsrøyster
Departementet ønskjer rask sending av førehandsrøyster. Det er frist for å levere førehandsrøyster kl. 17.00 fredag før valdagen. Fristen for at stemmene skal være framme til valstyret er tysdag kl. 17.00 etter valdagen. Dei erfaringane vi har gjort oss er at brevpost bruker lenger tid enn to dagar. Det er då ein risiko for at førehandsrøyster som er levert siste dagen, ikkje rekk fram til valstyret før fristen.
Vi foreslår difor at ein vurderer å sette fristen for levering av førehandsrøyster til torsdag før valdagen kl. 17.00, eventuelt forlenger leveringsfristen etter valdagen til onsdag kl. 17.00. Alternativt begge deler.
Maj Britt Brendstuen -politisk sekretær-