§ 6 Opplysningsplikt og kontroll Dato: 21.11.2018 Svartype: Med merknad Justert ordlyd for § 6, tredje ledd har følgjande ordlyd: Etter anmodning fra Innovasjon Norge skal kommunen foreta sluttkontroll og utstede ferdigattest. Før ferdigattest utstedes skal kommunen kontrollere at vilkår for utbetaling av tilskudd er oppfylt.... "Ferdigattest" er eit innarbeid omgrep etter pbl. der ein etter tilsyn frå tekniske tenester får ein ferdigattest om vilkåra er oppfølgd. Kommunen sin representant for IN, vil normalt vera knytt til landbruk, og vil ved anmodning om sluttutbetaling kontrollera at utført arbeid er i samsvar med godkjent plan og kostnadsoverslag, men dette gir då ikkje ein ferdigattest. Det må komme tydlegare fram at kommunen sin representant landbruk godkjenner ferdigstillt tiltak etter omsøkt plan og kostnadsoverslag som ikkje er ferdigattest, og at kommunen så ved byggetilsyn godkjenner tiltaket og gir ferdigattest. Konklusjon: I § 6, tredje ledd bør ein bruke eit anna ord enn ferdigattest ved sluttkontroll frå IN sin kommunale representant. Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen