Høyring- Samferdselsdepartementet - uttale om obduksjon av trafikkdrepne Dato: 10.09.2018 Svartype: Med merknad Utval for levekår godkjenner følgjande uttale: Meland kommune støtter i hovudsak arbeidsgruppa sine vurderingar og framlegg om obduksjon av trafikkdrepte. Rutinar og finansiering for innhenting av opplysningar frå fastlege og kommunehelsetenesta må klargjerast. Innhenting av uredigerte opplysningar vil ofte vere ufullstendige for formålet. Det må tydeliggjerast at dette er eit sakkundig arbeid med avklart finansiering frå oppdragsgjevar, t.d. etter satsane i Salærforskrifta. UAG må ha allmennmedisinsk kompetanse, for dei situasjonar der journalmateriale frå kommunehelsetenesta vert vurdert. I lovforslaget bør det leggast opp til at UAG får heimel for innhenting av informasjon frå Reseptformidlaren direkte. Lovgiver må sikre at informasjon i RF vertlagra i tilstrekkeleg tid etter dødsfall. Helse- og omsorgsdepartementet Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen