🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av rapport fra arbeidsgruppe om forslag til rettsmedisinsk obduksjon av a...

Stavanger kommune

Departement: Familiedepartementet
Høyringssvar frå Stavanger kommune Dato: 19.09.2018 Svartype: Med merknad Høyringssvar: Rapport frå arbeidsgruppe om forslag til rettsmedisinsk obduksjon av alle trafikkdrepte (internt saksnr. 18/718187): Stavanger kommune takkar for høve til å la seg høyre om rapporten. Kvalitetssikring av helsedata er viktige i alle deler av helsetenesta og i eit generelt samfunnsperspektiv. Dagens situasjon, der det i enkelte politidistrikt er svært låg obduksjonsfrekvens av trafikkdrepne, og med ein nasjonal låg obduksjonsprosent, fordrer tiltak som effektivt kan betre dette. Med dagens praksis vert rettsmedisinsk obduksjon fort ein salderingspost i ressursknappheita som politidisktrikta opplever.   Rettsmedisinsk obduksjon er ein viktig kvalitetssikring av arbeidet med å kartlegge ulukkesårsaker. Vi veit at ein del av dødsfalla kan skuldast sjølvdrap eller straffbare handlingar. Sjølv om obduksjon vil kunne avkrefte straffbare handlingar, vil resultatet av obduksjonen vere samfunnsnyttig. Obduksjonen vil vere viktig for å kunne belyse hendingsforløp, årsaksfaktorar og skademekanismar, som utvalget skriv i i sitt samandrag i rapporten. Dessutan vil ulukkesstatistikken bli meir presis, då sjølvdrap og straffbare handling ar ikkje skal telle med i den offisielle ulukkesstatistikken.   Det er også tenleg, slik vi vurderer det, at kravet om obduksjon vert flytta frå Straffeprosesslova til Obduksjonslova. Då vert det sikra ein lovmessig forankring som er hensiktsmessig. Samtidig er forslaget om pliktregel for politiet og påtalemyndigheit om å rekvirere obduksjon av trafikkdrepne, hensiktsmessig.   Arbeidsgruppa anbefaler også at det vert gjort endringar i helsepersonellova til at helsepersonell plikter å utlevere helseopplysingar til SHT og UAG til bruk i ulukkesstatistikken. Det virker betryggande at arbeidsgruppa i sin rapport vektlegg gode rutinar for når tid det blir bedt om slike opplysingar, at det skal behovsprøvast og kun rettast når eit foreløpig obduksjonssvar gir behov for dette.   Stavanger kommune gir sin tilslutting til arbeidsgruppa sine anbefalingar, med dei betraktningane som vi har gitt. Helse- og omsorgsdepartementet Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen