Referanse: 471518 Dato: 31.01.2025 Svartype: Med merknad I juli 2025 har eg arbeida i den offentlege tannhelsetenesta i 20 år. Eg har såleis lang erfaring i offentleg tannhelseteneste, men svarar her som privatperson. I løpet av desse åra har det skjedd store endringar i tenesta og også i tannhelsefaget. Mange små tannklinikkar har blitt nedlagt til fordel for sentraliserte store tannklinikkar. Gruppene me har hatt ansvaret for har vore dei same i mange år, med enkelte små unntak. Ei av dei store endringane med pasientklientellet vårt er at det har blitt fleire i gruppa av eldre og sjuke pasientar, og det aller viktigaste; desse sjuke og eldre har no meir eller mindre fulle tannsett med egne tenner, der dei før ofte hadde protesar. Det er sjølvsagt ein stor fordel for pasienten å ha egne tenner gjennom heile livet, og det er målet me jobbar for. Men det er dessverre slik at svært mange tannsett forfaller svært raskt når helsa skrantar. Det kan derfor bli svært mykje behandlingsbehov, med mange og lange behandlingsseansar på desse eldre sjuke, i forhold til det som var vanleg tidligare. Dette tar tid og er kostbart. I tidligare Hordaland,og i Vestland har det i mange år vore inntjeningskrav for klinikkane. Overføringane frå fylkeskommunen har ikkje vore nok til ein gong å betale lønningane våre. Så med andre ord har det vore heilt nødvendig å også ha ei viss inntjening, dvs at det har vore nødvendig å også ha voksne betalande pasientar i tillegg til dei prioriterte. Dette har på enkelte klinikkar vore ei gulrot for å jobbe der, då det blir ein meir variert kvardag, og ein får brukt større delar av faget. Når det no skal nye grupper inn så må andre ikkje-prioriterte pasientar ut. Dette gjer det mindre attraktivt, og meir krevande å jobbe offentleg. Det vil også gjere at det ikkje berre blir auka kostnader med å behandle åtte nye årskull, men også manglande inntjening. Politikarane har også bestemt at me ikkje skal kunne ta "ikkje møtt-gebyr" om pasientar i desse nye gruppene ikkje møter til timen sin. Så om 26 åringen gløymer timen sin tre gonger på rad så får det ingen konsekvensar for pasienten, men det har store konsekvensar for tannhelsetenesta. Eg er svært spent på om dei auka midlane til desse nye gruppene faktisk kjem til å dekke inn inntjeningstap, nytt medisinsk utstyr, auka forbruksmateriell og ikkje minst nye tilsette. I Vestland har det vore store problemer med å rekruttere kvalifisert personell til stillingar både ute i distrikta og på meir sentrale klinikkar. Presset er stort og etterslepet aukande. Det er lite triveleg å vere på jobb når ein ikkje får hjelpt til som ein vil, når det er lange ventelister og pasienter blir misnøgde med at dei må vente lenge på time. Sjukefråværet er også høgt. Det har vore diskutert å auke kapasiteten ved å innføre skiftarbeid. Men dette er det svært få tilsette som er interesserte i, og kan gjere at det blir endå mindre attraktivt å jobbe offentleg. Og dersom det ikkje blir fleire tilsette så blir det jo ingen auka kapasitet av at ein jobbar på ulike tider. Og den auka slitasjen og auka behov for utstyr og vedlikehald har ikkje blitt vurdert med i regnestykket. Og når ein ikkje klarar å rekruttere til vanlege stillingar på dagtid, kven skal ein då ha til å jobbe på kveldstid og attpåtil med eit ikkje særleg stort kveldstillegg? Offenleg tannhelseteneste har vore omtala som ei "kuvøse" for privat sektor. Nyutdanna byrjar fyrst offentleg, og går over i privat så snart dei byrjar å bli meir erfarne og tidseffektive, og evt ferdig med småbarn og permisjonar. Dette er svært kostbart for offentleg sektor, som slik det er no blør kompetanse og heile tida må lære opp nye tilsette. Lov om tannhelsetjenesten er den einaste helselova som prioriterer forebygging foran behandling. Men mange stader er det allereie no slik at ein må drive "brannslokking" med behandling i staden for forebygging. No dei to siste åra har regjeringa saman med SV sørga for at me har fått åtte nye årskull med pasientar kasta i fanget og nokre gonger nesten over natta. Ingen av våre systemer har vore klargjort til å ta i mot desse pasientane med dei endringane som har skjedd. Det er pinleg og frustrerande for tannhelsesekretærar å stadig ta i mot telefonar frå pasientar som ønsker time, og som har fått med seg og argumenterer for at dei har rettigheter, men klinikken har ikkje kapasitet til å ta inn pasienten om det ikkje akutt behov. Dette fører til auka stress, og vil kunne føre til endå høgare sjukefråvær. Tannhelsetenesta totalt i Norge fungerer for dei aller fleste godt. Men det er absolutt ein alfor stor andel som faller utenfor av økonomiske eller andre årsaker. Omtrent 30% av tannlegar i Norge jobbar offentleg, medan rundt 70% jobbar i privat sektor. Eg kan ikkje forstå kvifor ein då velger å flytte pasienter frå den delen av tannhelsesektoren i Norge som har flest tannlegar. Eg er redd desse nye endringane kan føre til dårlegare tannhelse for både 20-28 åringar og dei tidligare prioriterte gruppene, ved at kapasiteten blir heilt sprengt, tilsette vil slutte og rekruttering og særlig stabilisering endå verre. "Alle" er enige om at tannbehandling i Norge er dyrt, og "alle" ønsker at "Staten" tar ein større del av kaka. Mange andre land har bedre ordningar for dette enn me har. Eg meiner det hadde vore bedre for både pasientar og tannhelsesektoren at pengane følgjer pasienten, og at pasienten kunne ha fritt behandlarval. Sjølvsagt må ein då og vere enige om kva som er nødvendig behandling. Eg syns også dette burde gjelde eldre og sjuke som har heimesjukepleie, det er mange som blir fortvila når dei må bytte frå sin faste tannlege som dei gjerne har hatt over mange år, når dei må bytte tannklinikk for å få benytte sin rett til gratis tannbehandling. I mange tilfeller kunne dei få innkalling og kontrollar ved behov, kanskje så hyppig som kvar 2. til 3.mnd hos sin private behandlar, men når dei byrjar offentleg er dette oftast ikkje mulig pga kapasiteten. Det er veldig bra at det har blitt meir fokus på tannhelse og ein må jo som kjent "begynne ein plass" om ein skal få endring. Men eg er sterkt kritisk til desse endringane som er tredd ned over hovudet på oss mot alle faglege råd og over så kort tid, og når det til og med er ein "NOU" undervegs. Denne "NOUen" (NOU 2024: 18 En universell tannhelsetjeneste) er no ute på høring, og den fortel at det manglar kunnskapsgrunnlag om tannhelse og behovet/behandlingar i privat sektor, og at "utvidelsar og endringar av tannhelsetjenesten forutsetter eit pålitelig og oppdatert kunnskaps og beslutningsgrunnlag) Hovedproblemet slik eg ser det er at ein får lite tannhelse for pengane ein no skal bruke. Det er mange grupper som treng dette betydelig meir enn dei som ikkje har anna til felles enn å vere 25-28 år. Personar opp til 24 er ofte studentar, har nyleg flytta heimefrå, ikkje er etablerte og heller ikkje har så mykje penger til overs. Når ein kjem opp i gruppa 25-28 år er det sikkert enkelte studentar der og, men mange har vore i jobb i mange år, har stabil og god inntekt og er godt etablerte. Ein del pasientar i eldre alderskohortar har strevd eit langt liv med dårleg tannhelse og sit med eit ruinert tannsett, og nokre av dei er det ein kan kalle tanninvalide. Dette er som regel ressurssvake menneske som fell litt mellom fleire stolar, dei har dårlig råd og har ikkje råd til tannlegebesøk. Dei utsetter behandling, og kan i verste fall kunne kome til å få alvorlege infeksjonar som vil kreve kostbare sjukehusopphald. Det er også andre grupper som fell gjennom i systemet, til dømes eldre og sjuke som egentleg har behov for og rett til heimesjukepleie, og dermed også gratis tannpleie, men som blir pleia av familie og pårørande i staden. Desse pårørande sparar då samfunnet for store beløp, og dei blir då straffa med at pasienten då ikkje får rett til gratis tannhelsetjenester. Det same gjeld psykisk sjuke pasientar. Tannhelselova gir rett til fri tannbehandling dersom ein er innlagt i institusjon eller mottar heimesjukepleie minst ein gong i veka i minimum tre månader. Helsetenester som vert tilbudt utanfor pasienten sin heim er ikkje omfatta av dette. Dersom pasienten er for sjuk til hjelpa kommunalt, og derfor får hjelp poliklinisk av DPS eller av såkalla ACT - eller FACT-team, så fell pasienten utanfor desse rettighetene fordi lova ikkje fangar dei opp. Dette er sjuke og sårbare pasientar som verkeleg burde hatt tilbud via tannhelselova, heller enn unge frisk 25-28 åringar. Det same gjeld ruspasientar som har gratis tannhelsetenester når dei er i "aktiv rus" eller under LAR-behandling, men om dei klarar å kome seg ut av rus og starte eit nytt liv så mister dei tilbudet og må leve med sitt havarerte tannsett, eller i alle fall kun få gjort behandling som NAV evt måtte godta å dekke. For å konkludere: det er supert at det blir fokus på tannhelse og at ein forsøker å få "tennene tilbake i kroppen". Men det må ligge tannhelsefaglige prioriteringar til grunn når nye rettigheter skal innførast. Dersom politikarane likevel er fast bestemte på å gi refusjon til desse årskulla no med ein gong så må i alle fall pengane følge pasienten slik at dei kan behandlast der pasienten ønsker å bli behandla, også i privat sektor. Den offentlege tannhelsetenesta treng mykje meir tid for å implementere endringar når nye grupper skal innlemmast, og må kunne ha ei forutsigbarhet i oppgåvene. Stortinget bør derfor etter mi meining absolutt avvente å vedta desse forhasta nye endringane i tannhelselova til ein har fått kunnskapsgrunnlaget som kan ligge til grunn for evt seinare endringar som følge av NOU24: 18 En universell tannhelsetjeneste Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"