Dato: 08.01.2025 Svartype: Med merknad Tidsfristen for høyringsinnspel har medført at Telemark fylkeskommune ikkje har hatt høve til politisk saksbehandling i forkant av høyringsfristen. Fylkesdirektøren har difor beslutta å sende inn eit administrative høyringssvar med atterhald om at saka ikkje er politisk behandla i Telemark fylkeskommune. Saka blir meldt opp til politisk behandling i Telemark fylkeskommune og innspel frå politisk nivå blir ettersendt som del av høyringssvaret, i etterkant av høyringsfristen. Telemark fylkeskommune ser positivt på at ein set fokus på utviding av rettighetar til tannhelsetenester og at pasientgrupper med rettar i den offentlege tannhelsetenesta får likeverdige klagemoglegheiter og rettsstilling. Telemark fylkeskommune ser positivt på at regjeringa ynskjer å satse på tannhelse, men erfarer at det er andre pasientgrupper med større udekte behov for tannhelsetenester enn unge vaksne i denne aldersgruppa. Helsefaglege prioriteringar bør liggje til grunn for rekkjefølgja når nye rettar blir innførte, og tenesta må riggast i forkant. NOU 2024: 18 Ei universell tannhelseteneste er for tida ute på høyring. Den er tydeleg på at det manglar eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tannhelsefeltet, og at «Utviding og endring av tannhelsetenester føreset eit påliteleg og oppdatert kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag.» Når ressursane i samfunnet er knappe er det viktig at tiltaka ein vel er velgrunna og gjennomtenkte. Utgreiingsinstruksen legg til grunn at gode førehandsutgreiingar skal bidra til gode avgjerdsgrunnlag før tiltak blir sette i verk. I budsjettforliket mellom Ap/Sp og SV 2025 ber Stortinget om at Regjeringa innan 1.juni 2025 startar arbeidet med å definere kva som skal reknast som «naudsynte tannhelsetenester». Definisjonen skal leverast til Stortinget seinast innan 1.juni 2026. Der blir det vist til ordlyden i NOU 2024: 18 Ei universell tannhelseteneste om at «definisjonen skal både kunne brukast medisinsk fagleg og som ein definisjon som kan innarbeidast i tannhelsetenestelova for å utløyse tannhelserettar». Lovforslaget som no er sendt ut på høyring kjem før dette grunnlaget er klart. Eit politisk fleirtal på Stortinget har sidan 2022 gjennom oppmodingsvedtak og budsjettvedtak vedteke at ei større pasientgruppe skal få tilbod om behandling med redusert vederlag frå den offentlege tannhelsetenesta, og at tilbodet skal verte lovfesta i tannhelsetenestelova. Innføring av nye rettar på kort varsel utan dialog med den tenesta som skal levere tilbodet er svært utfordrande for fylkeskommunen. Det tek tid å byggje opp kapasitet, og fylkeskommunen treng føreseielegheit i forhold til investeringane og innretninga av tilbodet. Dette gjeld både tilsetjing av helsepersonell og investering i utstyr og nye lokale. Den føreslegne innretninga av tilbodet er i samsvar med det som er innført for pasientar frå 19-24 år, som har vore underfinansiert. Når løyvingane ikkje dekkjer dei reelle kostnadene ved å etablere og drifte tilbodet vil ikkje gruppa kunne få oppfylt rettane sine utan risiko for at det går utover tilbodet til andre grupper med rettar etter tannhelsetenestelova, slik som barn, eldre sjuke og psykisk utviklingshemma. Det vil ikkje vere i tråd med intensjonen i Hurdalsplattforma der regjeringa ønskte på ein betre måte å sikre at dei som har rett til gratis offentleg tannhelseteneste får eit rett og godt tilbod. Sjølv om fylkeskommunens «sørgje-for» ansvar ikkje inneber at tenestene må utførast av fylkeskommunens eigne tilsette, har fylkeskommunen likevel det overordna ansvaret for å sørgje for eit naudsynt og forsvarleg tilbod. Resultatet av arbeidet med å definere kva som blir rekna som «naudsynte tannhelsetenester» vil setje rammene for kva som skal dekkjast, og når det ikkje er avklart kan ikkje fylkeskommunen utan vidare kjøpe tenestene i den private marknaden. Vidare kan kjøp av tenester gjere det utfordrande å prioritere i samsvar med prioriteringskriteria (nytte, ressurs og alvor) i helsesektoren. I tillegg medfører kjøp av tenester frå privat tannhelseteneste store administrasjonskostnader for fylkeskommunen i samband med godkjenning av behandlingsforslag, kontroll av fakturaer og avtaleforvaltning. Fylkeskommunen manglar naudsynte kontrollmekanismar og styresmakt for å avdekkje eventuelt misbruk av ordningane. Dette svekkjer moglegheita til å sikre at offentlege midlar blir forvalta på ein ansvarleg og effektiv måte, samtidig som det kan gå utover kvaliteten og tilgjengelegheita til tenestene. Fylkeskommunen skal i samsvar med formålsparagrafen i tannhelsetenestelova fremje tannhelsa i befolkninga. Å arbeide helsefremjande er avgjerande for å sikre berekraftige helsetenester. Det er tannpleiarane som har størst kompetanse på førebyggjande og helsefremjande arbeid i tannhelsetenesta, samtidig som dei har hovudansvar for tannhelsekontrollar. Når nye grupper blir gitt rett til regelmessige tannhelsekontrollar er det viktig at det ikkje går utover det førebyggjande og helsefremjande arbeidet. Mangel på helsepersonell er ei generell utfordring i helse- og omsorgstenesta, og det er utfordrande å rekruttere tilstrekkeleg med tannpleiarar for å vareta det auka ansvaret i den offentlege tannhelsetenesta. I høyringsnotatet står det at «forslaget vil bidra til det førebyggjande arbeidet på tannhelsefeltet ved å skape gode vanar for pasientane med regelmessig tannhelsekontroll.» Målretta førebyggjande tiltak har høve til å gi ei effektiv hjelp til dei som treng det mest. Slike tiltak endrar likevel ikkje nødvendigvis førekomstane av sjukdom og lidingar i befolkninga, eller tek tak i årsakene bak. Med bakgrunn i tannhelsefaglege vurderingar blir ikkje aldersgruppa 25-28 år rekna som ei av dei mest utsette gruppene. Det blir også understreka i høyringsforslaget, der det står at «unge vaksne er ei aldersgruppe der dei fleste har god tannhelse.» For unge vaksne står det også i høyringsforslaget at: «Dei gjennomsnittlege utgiftene til tannbehandling er låge samanlikna med eldre grupper i befolkninga. Dette har truleg samanheng med at mange utøvar rett og dagleg tannpleie.» Prioriteringskriteria i helse- og omsorgstenesta skal sørgje for at ressursane blir brukte på dei som treng det mest og der dei gir størst nytte. Telemark fylkeskommune erfarer at det er andre grupper med større behov for tannhelsetenester enn friske vaksne mellom 25 og 28 år, og støttar utvalsmedlemmene Evensen, Alamdari, Lysaker, Berggren, Jakhelln og Olsen-Bergem frå Tannhelseutvalet i at alderskohort ikkje bør vere grunnlaget for særskild stønad i ei trinnvis tilnærming mot ei universell finansiering av tannhelsetenester. Telemark fylkeskommune ser fram til resultatet av utgreiinga om kva som skal verte omfatta av naudsynt tannbehandling som grunnlag for berekning av kostnader og prioriteringar i tannhelsetenesta. Fram til dette ligg føre tilrår Telemark fylkeskommune at auka midlar til den fylkeskommunale tannhelsetenesta blir retta mot å betre tilbodet til eldre, pleietrengande og pasientar med samansette behov framfor å innføre rettar for nye grupper. Eit oppdatert og heilskapleg kunnskapsgrunnlag gir betre føresetnader for å innføre gode tiltak innanfor tannhelsetenesta framover. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"