🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Rapport frå Statens vegvesen ("Fra sams og samling") om konsekvensar ve...

NTL Veg

Departement: Familiedepartementet 6 seksjoner

Splitta fagmiljø kan medføre redusert kvalitet i oppgåveløysinga

Den samla kompetansen i Statens vegvesen kjem av at dei tilsette på tvers av faggrupper og ansvarsområde snakkar saman, utnyttar kvarandre sin fagkompetanse og er tett på vegane som skal driftast, vedlikehaldast og byggast.

For tredje år på rad er Noreg det landet i verda med lågast dødsrisiko på vegane. Noreg er også det einaste landet som har ein felles vegadministrasjon for fylkes- og riksvegar og kan sjå veg, trafikk, transport og trafikant i eit heilskapleg perspektiv med fokus på O-visjonen.

Alle tilsette i Statens vegvesen veit kva 0-visjonen er, dei jobbar kvar dag med målsetjinga om at vegfarande skal koma seg trygt fram. Denne tenkinga er kjernen i organisasjonen og er utgangspunktet for alle arbeidsprosessar dei tilsette i Statens vegvesen utfører. For å lukkast med dette arbeidet jobbar dei tilsette heilskapleg, tverrfagleg og tverrsektorielt. Den regionale modellen der kvar av dei fem regionane har spesialkompetanse innan bru, beredskap, skred, flaum, drift, vegbygging, tunnel, arbeidsvarsling med meir understøttar og styrkar dette arbeidet.

Det vil vera langt mindre attraktivt for ein geolog å vera den einaste geologen i ein fylkeskommune. Då må geologen stå åleine med ansvaret for å vurdere om eit fjell er tilstrekkeleg sikra, og om trafikken kan settast på etter eit skred. Ei større regional fageining gir støtte i avgjerder og fagleg utvikling. Dette vert opplevd som meir attraktivt for alle fageiningar.

Behov for fleire tilsette for å dekke behovet for kompetanse

I rapporten «Fra sams og samling » er det vist til at om lag 4000 personar med sin kompetanse medverkar i dei 1650 totale årsverka som leverer oppgåver innan sams vegadministrasjon. Drift, vedlikehald og bygging av både fylkesvegar og riksvegar krev ein breitt samansett kompetanse for å kunne levere gode, effektive og trygge vegar til dei vegvarande. Sjølv ved overføring av 1650 høgt kompetente tilsette, vil fylkeskommunane framleis stå utan kompetansen frå dei resterende ca 2350 høgst kompetente personane. Eit saksfelt i SVV har kanskje 3 årsverk i ein region, denne kompetansen må då framover fordelast mellom til dømes 3 fylke og eit regionvegkontor. Folk tek ferie, vert sjuke med meir. Dersom ein ikkje skal gjera seg for sårbare må kvar av dei fire einingane kanskje ha 2 årsverk på saksfeltet. Då er brått 3 årsverk auka til 8.

Dyrkjøpt erfaring

Tidlegare leiar i Stortinget sin samferdselskomité Oddvard Nilsen uttalte, etter dei omfattande problema med «Romeriksporten» på Gardermobanen, at han hadde vore vaken ei heil natt og undra seg over kvifor i all verda dei ikkje heller hadde spurt Statens vegvesen vera byggherre for tunnelen. Truleg sikta han til at Statens vegvesen byggjer fleire tunnelar kvart år og har erfarne ekspertar til både å utarbeide anbodsdokument, velje entreprenør og følgje opp arbeidet som vert utført.

Forvaltningsreforma i 2010

Under arbeidet med forvaltningsreforma i 2010 vart nedlegging av sams vegadministrasjon vurdert. Regjeringa konkluderte den gongen med at ei splitting av kompetansemiljø på fleire regionar ville medføra ein betydeleg større administrasjon med fleire tilsette, redusert moglegheit til å utnytta stordriftfordeler og at splitting av fagmiljøa ville svekke den nasjonale samla kompetansen i vegsektoren. Regjeringa meinte at det ville vera mogleg å overføra ansvaret for hovuddelen av sams dersom talet på regionar vart redusert til 10-12 regionar, men at det ville medføra betydelege administrative og økonomiske konsekvensar. I tillegg ville det medføra auka belastningar på mange arbeidstakarar som følgje av endring i arbeidstilhøve og lokaliseringar.

Vidare utgreiing

Utredning etter Utredningsinstruksen skal sikra god utnytting av skattebetalarane sine pengar. Statsrådane er plikta å gjere tilstrekkelege vurderingar av kostnadar ved endringar før dei vert vedtekne. NTL Veg opplever at Vegdirektøren sin rapport «Fra sams og samling » skildrar kompleksiteten og utfordringane ved nedlegging av sams vegadministrasjon på ein fagleg god og grundig måte.

NTL Veg tilrår å gå vidare med 0+ alternativet

NTL Veg støttar Vegdirektøren i hans konklusjon om at det beste alternativet er 0+ alternativet. 0+ alternativet inneber ei vidareføring av sams vegadministrasjon med forbetringar for å styrka fylkeskommunane si rolle som forvaltar og eigar av fylkesvegane.

Inger Sigridnes                                 Henny-Kristin Asperanden Navarsete

Leiar NTL Veg                                                 Nestleiar NTL Veg