Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene Dato: 09.04.2018 Svartype: Med merknad Eg viser til rapporten “Regionreformen: Desentralisering av oppgaver fra staten til fylkeskommunene” fra februar 2018. I rapporten foreslås det at Statped skal leggast ned. Eg vil med dette gje innspel til forslaget. Eg er mor til eit barn med hørselshemming. Vi får tenester frå Statped Sørøst. Statped er viktig for barnet vårt og familien vår blant anna fordi dei bidreg med spisskompetanse som ikke finst i kommunen vår. Statped har vore til uvurderleg hjelp for oss. Gjennom elev-/foreldrekurs og Se Mitt Språk har vi endeleg fått lære korleis eit barn med hørselshemming faktisk har det. Når vi ikkje kunne noko om hørselshemming og audiografar/sjukehuset som leverte ut hjelpemidla ikkje informerte om anna enn det tekniske hjelpemiddelet og graden av hørselshemming, havna vi på etterskudd. Skule/ bgh,ppt og andre i kommunen veit som regel ingenting om konskvensane av at eit barn høyrer dårleg.Spesielt ikkje når hørselstapet er lite til middels. Det blir usynleggjort og konsekvensane er enorme!!! Når utfordringane ikkje vart handtert rett, førte det til at barnet vårt vart sosialt isolert og mista enormtmykje fagleg. Heldigvis hadde vi Statped på vår side heile tida. Gjennom nokre år med rettleiing av skulen, via hjelp til teiknspråkopplæring (§2.6.Opplæringslova) og til tilslutt til å byte skule. Barnet vårt er avhengig av teiknspråk for å kunne få fullt utbyte av grunnskulen og seinare velge utdanning fritt. Men er óg avhengig av at vi i familien kan teiknspråk. Det lærer vi på Se Mitt Språk og på søskenopplæringa hos Statped. Vi skal fungere som ein familie, det gjer vi berre viss vi kan snakke det same språket. Rapporten forklarer ikkje korleis fylkeskommunane skal klare å ta vare på oppgavene Statped har i dag. Rapporten inneheld ingen form for konsekvensanalyse. Eg er redd for at nedlegging av Statped vil innebere rasering av viktige tilbud til barnet vårt og familien vår. Eg håpar difor at dette forslaget ikkje blir tatt til følge før det eventuelt er gjort ei skikkelig utredning av konsekvensar, der vi brukarane blir høyrt og tatt med i prosessen. Beste helsing Astrid Engebø Hammeren Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen