HØYRING- ENDRINGAR I POSTLOVA- OMDELINGSFREKVENS. HØYRINGSUTTALE FRÅ HJELMELAND KOMMUNE Dato: 04.04.2018 Svartype: Med merknad Sjølv om Hjelmeland er ein kommune med svær spredt busetting forstår me at staten har problem med å oppretthalda ei dagleg postomdeling som er lite brukt. Me ser at postomdeling kvar annan dag slik som er foreslått i høyringsforslaget er hensiktsmessig, men følgjande føresetnader må vera på plass når endringa vert gjennomført: 1. Sjuke og funksjonsnedsette: Tilhøva for dei som er avhengig av hjelpemiddel, medisin og særleg service på grunn av sjukdom eller at har nedsett funksjonsevne skal ha eit godt tilbod likeverdig med dagens tilbod. Bruk av annan distribusjon kan vera ei slik løysing. Dette må gjelda nødvendige sendingar, men og kulturelle tilbod til dei som har trong om det. T.d. personar med nedsette syn og hørsel. 2. Likeverdig tilbod over heile landet Tilbodet må vera likt over heile landet uavhengig om ein bur i tettbygde eller spredt bygde område. Der det er særleg trong om det må ordninga med lanpostbod oppretthaldast. 3. Digital infrastruktur Hjelmeland kommune nytter i stor grad digitale postkasser, elektronisk post og andre digitale plattformer til kommunikasjon. I deler av kommunen er dette særs vanskeleg då det ikkje er utbygd fiber til alle i kommunen, nokre stader er kobbar- nettet dårleg eller i ustand. Det er dårleg mobildekning mange stader i kommunen, enkelte stader det ikkje mobildekning i det heile. Det vert difor ei klar føresetnad at alle husstander må ha ei breibåndsdekning som gjer det mogleg å nytta digitale kommunikasjonsplattformer. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"