Høyringsuttale frå Landslaget for lokalaviser (LLA) Dato: 06.04.2018 Svartype: Med merknad Høyringsuttale frå Landslaget for lokalaviser (LLA) Gjeld: Omfangert av leveringspliktige posttenester Viser til høyringsbrev datert 9.januar 2018 Landslaget for lokalaviser er svært uroa for konsekvensane av det framlagde forslaget om kutt i leveringspliktige posttenester. Vi meiner at utgreiinga i høyringsnotatet ikkje gir tilstrekkeleg innsikt i konsekvensane av reduksjon i frekvensen av postomdeling, verken for samfunnet generelt eller for avisbransjen spesielt. Hovudpunkt frå LLA: Mediemangfald ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. I §100 i grunnlova blir statens ansvar for å legge til rette for reell ytringsfridom slått fast. Det er i tråd med dette brei politisk semje om behov for og ønskje om å legge til rette for eit mangfald av medier av høg kvalitet. Postens samfunnsansvar ved å sikre avisdistribusjon til ein fornuftig pris over heile landet må difor tilleggast avgjerande vekt. Dagleg postomdeling er særs viktig for lokalavisene. Lokalavisene er sjølve grunnfjellet i mediemangfaldet og er heilt avgjerande for eit velfungerande lokalt demokrati. Reduksjon i postens omdelingsfrekvens vil vere svært skadeleg for lokalavisene. Dei aller fleste lokalavisene har mesteparten av inntektene frå papiraviser og er heilt avhengig av papiravisa for å finansiere den viktige journalistikken og for å ha ressursar til digital satsing. Dei har nå krevjande tider og det vil ha svært uheldige konsekvensar om Posten reduserer frekvens. Posten er viktig infrastruktur og må vurderast ut frå samfunnsrolle og nytte; ikkje bedriftsøkonomi. Posten skal medverke til at innbyggarane i heile landet har gode og likeverdige tenester for busetnad, trivsel og næringsverksemd uavhengig av bustadadresse. Det er mange stader og varetypar som ikkje den private distribusjonsmarknaden løyser. Statleg ansvar for laurdagsomdeling av aviser må vidareførast. Papiravisene inn mot helg er svært viktige for avisøkonomien, og statleg ansvar for laurdagsomdeling av aviser må vidareførast så lenge det er behov for dette. Det har fått uheldige konsekvensar for lokalavisene både konkurranseutsetting av lørdagsomdeling og ikkje minst at Posten har avvikla A-post på post utanfor eigen region. Dette har svekka avisdistribusjonen til dei viktige fjernabonnentane. Å sikre vidareføring av statleg ansvar for laurdagsomdeling er difor svært viktig. Viktig at Posten representerer påreknelege rammevilkår For lokalavisene er Posten ein viktig del av samla rammevilkår og i dei krevjande tider avisene nå opplever er påreknelege rammevilkår viktigare enn kanskje nokon gong. Posten som infrastruktur i samfunnet skal fylle ut der marknaden ikkje er tilstrekkeleg. Dette gjeld i grisgrendte strok, mellom landsdelar, og frå utkantar til sentrum. Reduksjon av frekvens i postomdeling vil difor vere mest alvorleg for lokalaviser og distrikts Norge. LLA vil få understerke at infrastruktur er Stortinget sitt ansvar, og vi vil ikkje peike på alternativ. Berre vidareføring av dagens omdelingsfrekvens er tilfredsstillande for lokalavisene; eigentleg burde Posten også tatt tilbake ansvaret for laurdagsomdeling. Rammevilkår Lokalavisene treng stabile og føreseielege rammevilkår i krevjande tider. Strukturelle endringar har ført til at det nå ikkje finst berekraftige forretningsmodellar for å finansiere store deler av samfunnsviktig norsk journalistikk. Annonsemarknaden er dramatisk for dei fleste avisene, med nedgang i annonseinntektene på papir samstundes som veksten i dei digitale annonseinntektene langt på veg uteblir. Veksten i lesarmarknaden er positiv, men ikkje stor nok til å hindre at det framleis blir gjennomført kutt i norske aviser, noko som set journalistikken under press. I ei slik tid må styresmaktene ha fokus på å motverke uheldige konsekvensar i marknaden slik at journalistikken kan bli berga gjennom vanskelege tider, og ikkje påføre endå større vanskar som reduksjon i frekvensen på postomdeling vil vere. Den største styrken til det norske samfunnet er at vi har tillit til samfunnsinstitusjonane, både offentlege og frivillige organisasjonar. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Alt dette står på spel gjennom dei samla rammevilkåra i mediepolitikken, som Postens infrastruktur er ein viktig del av. Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, og som er med på å skape eit gjennomsiktleg samfunn, kjem tillitssamfunnet gradvis til å forvitre. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten. Lokalavisene fundamentet i mediemangfaldet Lokalavisene er sjølve grunnfjellet i mediemangfaldet i landet vårt. Det er lokalavisene som skriv om det som vedkjem livet til innbyggjarane som skule, arbeid og fritid. Det er lokalavisene som følgjer den lokale politikken som har betyding for tenestetilbodet til alle, frå barnehage, til skule og omsorg. Og det er lokalavisene som synleggjer den lokale kulturen. Det er slik meir enn festord å hevde at dei er lim og lupe i sine lokalsamfunn. I praksis er lokalavisa den einaste seriøse fellesarenaen for innbyggarane i dei ulike lokalsamfunna der alle lever sine liv. Kvar for seg er ikkje lokalavisene så store sett i landssamanheng. Men berre fådagarsavisene (1-3 papirutgåver i veka) blir lese av over ein tredjedel av innbyggarane i landet, og har jamt over ein sterk posisjon i sine lokalsamfunn. Dei fleste har framleis innpass i langt over halvparten av husstandane i dekningsområdet. I tillegg kjem alle lokale dagsaviser. Eit fleirtal av innbyggarane i landet får slik informasjonen om det viktige i deira liv frå ei ekte lokalavis. Det er difor viktig å sikre rammevilkåra til lokalavisene slik at dei kan løyse samfunnsoppdraget gjennom god, allsidig journalistikk. Fådagarsavisene har og i gjennomsnitt 20-25 prosent av opplaget utanfor dekningsområdet. Desse utflyttar-(fjern-)abonnentane er svært viktige både for økonomien til avisene og for lokalsamfunnet. Desse abonnentane blir spesielt råka av eventuelle endringar posten omdelingsfrekvens. Dette blir forsterka av at den private distribusjonsmarknaden fungerar betre frå hovudstaden og ut til distrikta enn frå distrikta til andre landsdelar. Det er og distrikta som har dårlegast utbygd høgfartnett, og gjerne spesielt dei bygder og husstandar som ikkje har alternativ til Postomdeling. Det er store variasjonar, men enkelte lokalaviser vil bli utåleleg hardt ramma ved frekvensreduksjon. Omdelingsfrekvens og variable dagar I høyringsnotatet vert det peika på forskjellige alternativ. LLA meiner at alle andre enn kvar dag er uhaldbart, men må likevel få kommentere forslaget. Forskjellige dagar i same dekningsområde og forskjellige dagar i forskjellige veker/månader fortel alt om kor håplaust lite pårekneleg og leveleg forslaget er for lokalavisene. Det same gjeld forslaget om forskjellig frekvens i by og land. I utgangspunktet kan det høyrast smigrande ut, men mange av fjernabonnentane til lokalavisene held til i byar, og då seier det seg sjølv at dette til liks med dei andre forslaga om redusert frekvens vil kunne vere eit nådeskot for mange lokalaviser. Posten, lokalavisene og økonomi Dessverre er det altfor lite forsking her i landet om kva lokalavisene betyr. Men for nokre år sidan fann tyske forskarar klåre tendensart til at i norske kommunar med lokalavis som følgjer lokalpolitikken, er økonomistyringa betre enn der det ikkje er lokalavis. Det er òg relativt fersk forsking frå Wales, der det slik som i resten av Storbritannia, har vore omfattande nedlegging av lokalaviser dei siste åra. Her går det fram at lokalsamfunn utan lokalaviser forvitrar, og at rykte og hat på sosiale medium tek over, noko som skapar eit lokalsamfunn i disharmoni, med mistillit til politikarar og institusjonar. Det er slik viktigare enn nokon gong med solide, redaktørstyrte medier. Truleg kan nettopp den rike floraen av lokalaviser vere noko av årsaka til at norske kommunar stort sett er veldrivne, at innbyggarane opplever at dei får eit godt tenestetilbod, og at det er gode bumiljø der folk flest trivest. Det meste tilseier difor at det vil vere dyrt for samfunnet å spare nokre kroner på å redusere frekvensen på postomberinga før mediene har funne tilfredsstillande digitale forretningsmodellar. Papiravis kontra digital publisering Dei siste åra har avisene lukkast med å etablere gode løysingar for digital lesing og har hatt god vekst i brukarbetaling. Men det er direkte feil når det i høyringsnotatet står at papiravisa er blitt eit supplement til nettaviser og etermedia. Det er tvert imot papiravisa som er viktigast, og heilt avgjerande for inntektene til avisene, først og fremst i annonsemarknaden, men og i lesarmarknaden der kombiabonnement papir-digital er klart størst. Framleis brukar lesarane klart mest tid på papiravis. For dei fleste vil det framleis i fleire år, vil vere snakk om eit både òg når det gjeld papir og digital publisering, og inntektene på papiravisa er også avgjerande for å ha ressursar til å utvikla det digitale produktet. Det er difor heilt avgjerande med god infrastruktur rundt papiravisa, både produksjon (trykking) og distribusjon (post og avisbod). Styresmaktene må sikre tilbod om distribusjon av aviser til heile landet alle vekedagar gjennom Posten. Oslo/Kvinnherad 6. april 2018 Med venleg helsing Landslaget for lokalaviser Tomas Magnus Bruvik, styreleiar Rune Hetland, generalsekretær Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"