Ja til dobbelt statsborgerskap! Dato: 12.03.2018 Svartype: Med merknad Er norsk, men har budd i Australia i 10 år. Har sterkt ønske om å kunne ha dobbelt statsborgerskap då eg alltid vil vere norsk, men er også på eit vis australsk - og ønsker å kunne delta fullt i samfunnet her eg bur. Det hadde også redusert stress i høve til innreise og utreise frå Australia, pluss at eg ikkje hadde måtta fortsatt å betale for nytt innreisevisum kvart femte år (på trass av at eg har permanent opphald). Eg vil også gjerne understreke at eg IKKJE støtter at tillating av dobbelt statsborgerskap skal gjere det mogleg å lettere ta norsk statsborgerskap frå folk som er busett i Noreg. Det er berre rasistisk og kvalmt. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen