Dato: 20.01.2025 Svartype: Med merknad Vedrørande fritak frå krav om sentraltilknyting Innspel til §52 bokstav b i yrkestransportforskrifta: «Transport med særlig eksklusivt materiell og som utelukkende tilbyr transporttjenester i forbindelse med særskilte arrangementer». Hommedal Taxibuss AS har i ei årrekke køyrd persontransport i selskapsvognsegmentet. Me har tidlegare fått fritak for taksameter og merking på bilane. Hommedal Taxibuss er ei lite familiedreven bedrift og me har funne vår nisje i dette segmentet. Me køyrer mellom anna eksklusive turar, gjerne over fleire dagar, med velståande turistar frå heile verda. Desse turistane og reiseselskapa deira stillar høge krav til både sjåfør og køyretøy. I denne marknaden er det selskapsvogn som er standard og me har fått klare tilbakemeldingar om at vanlege drosjer med skilt på taket ikkje blir akseptert. Me har også hatt oppdrag for private yachtar som vitjar fjordane, også der må me kunne tilby eksklusivt materiell for å få oppdraget. I tillegg køyrer me også skituristar til/frå Myrkdalen hotell og Bergen Lufthamn. Slik denne forskrifta er foreslått, verkar det som det er råd for oss å få fritak for sentral tilknytning, men det kan fort bli avgjerande kven som tolkar kva som kan reknast som «særskilte arrangementet». Difor bør ein spesifisere konkret kva for særskilte arrangement som inngår i denne forskrifta og kva som reknast som eksklusivt materiell. Skulle me ikkje få fritak frå forskrifta, vil kostnaden for sentraltilknyting vera for stor og me vil truleg miste den eksklusive køyringa me har i dag. Truleg vil det medføre at me må avvikle selskapet. Dei siste åra har det vore fleire lovendringar og nye krav for oss som køyrar bilar innanfor selskapsvognsegmentet. Me har tidlegare fått innvilga dispensasjon for å køyre dieselbil, samt takskilt og merking. No ser det ut til at me er avhengig av ein tredje dispensasjon for å halde fram med drifta. Her er dispensasjonen satt til maksimum tre år. Det er vanskeleg for oss å investere i nye køyretøy når rammevilkåra er så usikre. Mvh Knut Hommedal Hommedal Taxibuss AS Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"