🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringer i stedsnavnloven

ISL, NTNU Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

Departement: Familiedepartementet
Høyringssvar frå ISL, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Dato: 19.01.2018 Svartype: Med merknad Ved Institutt for språk og litteratur, NTNU, er vi opptekne av at stadnamna er ein del av språksystemet og difor må forvaltast på ein fagleg forsvarleg måte, som anna språkleg normeringsarbeid. Vi ser det ikkje som udelt heldig at kommunane får større ansvar for val av namn. Det er svært varierande kompetanse på dette området ute i kommunane, og vi er kjende med at det finst døme på kommunar som bevisst utelèt personar med best kjennskap til den lokale namnetradisjonen. Ein risikerer at det blir større rom for tilfeldige, individuelle særinteresser i namnepolitikken. Det kan gjere at skrivemåtane av stadnamn blir mindre konsekvente og einskaplege, og samanhengen mellom namna og rettskrivinga elles, og ikkje minst mellom same namn i ulike delar av landet, kan bli utydeleg. Som departementet sjølv skriv i høyringsnotatet, vil endringa føre til ei svekking av namnevernet, noko som kan vere i strid med UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv. Vi undrar oss dessutan over at namnevernet som ligg i § 3 i stadnamnlova, skal svekkast for norske namn, men vidareførast for samiske og kvenske. Vi ser ingen gode grunnar til å gjere forskjell her. Vi merkar oss at namnekonsulentane får utvida oppgåver med den føreslegne lovendringa. I så fall må stadnamntenesta sikrast tilstrekkelege ressursar og stabilitet.   Med vennleg helsing   Annlaug Bjørsnøs Instituttleiar ISL Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"