🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringer i stedsnavnloven

Norsk namnelag

Departement: Familiedepartementet
Fråsegn frå Norsk namnelag Dato: 18.01.2018 Svartype: Med merknad Norsk namnelag går mot framlegget til endring av § 3 i stadnamnlova, men støttar framlegget til endring i § 6. Framlegget til endring av § 3 vil føra til ei svekking av namnevernet og difor òg ei utholing av lov om stadnamn. Endringa kan føra til at nedervde stadnamn blir bytte ut med nyare namn, og er såleis eit brot med føremålet med stadnamnlova, slik det er uttrykt i § 1: å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne. For å avgrensa svekkinga av namnevernet, gjer departementet framlegg om å skjerpa kravet til å henta inn faglege råd frå namnekonsulentane ved å pålegga konsulentane å gje vedtaksorganet råd om namnevern. Dette er sjølvsagt positivt, men vi fryktar likevel at politikk vil overkøyra faglege vurderingar. Klagerett på namneval er ein viktig del av namnevernet, og eit bortfall av klageretten på kommunale eller fylkeskommunale val av namn, der denne er i strid med § 3, vil difor føra til ei svekking av intensjonen med namnelova. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"