Innleiing
Haukeland universitetssjukehus støttar forslaga skissert i høyringsnotatet om lovendringar som skal sikre oss mot at etablering av private kommersielle aktørar truar bemanninga i vår offentleg eigde og finansierte helseteneste. Mangel på kvalifisert helsepersonell kan true beredskap, kapasitet og kvalitet i vår felles helseteneste.
Medarbeidarane er ryggrada i helse- og omsorgstenesta. Dei er vår viktigaste ressurs for å kunne tilby befolkninga helse- og omsorgstenester av god kvalitet. For å behalde og rekruttere tilstrekkeleg kvalifisert personell i desse tenestene, må vi sørge for at medarbeidarane har gode arbeidsvilkår, meiningsfulle oppgåver og utviklingsmoglegheiter. Samstundes kan vi trenge å ta i bruk fleire verkemidlar. Ei godkjenningsordning for private kommersielle verksemder som vil tilby helse- og omsorgstenester meiner vi kan vere eitt av fleire verkemidlar når mangel på personell er alvorleg og nærliggjande.

Utfordringsbiletet – døme frå Haukeland universitetssjukehus
Haukeland universitetssjukehus har ansvar for alle typar sjukehustenester for befolkninga i vårt opptaksområde, døgnet rundt, til pasientar i alle aldrar som treng helsehjelp innan somatikk, psykisk helsevern og rusmedisin. Vi jobbar for å behalde, utvikle og rekruttere medarbeidarar. Generelt er bemanninga i sjukehuset god og stabil. Vi viser til ei kartlegging frå Helse Vest RHF (2022), der det går fram at 5,1 prosent av medarbeidarane i perioden 2015 til 2021, slutta.1 Det er ikkje eit spesielt høgt tal samanlikna med andre sektorar.
Samtidig er innslaget av private kommersielle aktørar innan helse aukande, og kan utfordre bemanningskapasiteten i dei offentlege helse- og omsorgstenestene. Vi viser m.a. til Helsepersonellkommisjonens rapport frå 2023, der denne utfordringa vart godt dokumentert. I Meld. St. 9 (2023-2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027, vart mangel på personell skissert som ein av tre hovudutfordringar for framtidas offentlege helse- og omsorgstenester.
Vi erfarer at personellmangel allereie er ei utfordring i sjukehuset, både innan dei breie fagområda som indremedisin og kirurgi, og innan dei meir spesialiserte fagområda. Vi ser særleg trenden for fag som lett kan drivast som lønsame verksemder utanfor det offentlege systemet, som allmennlegetenester og fleire typar spesialisthelsetenester, som dermatologi, kardiologi, ortopedi, plastikkirurgi, gynekologi, fertilitetsbehandling, oftalmologi, klinisk psykologi mv. samt røntgen- og laboratorietenester. Det kan vere særleg utfordrande å behalde og rekruttere spesialistar til tunge vaktfunksjonar i sjukehuset, som til dømes spesialistar i gastrokirurgi og fødselshjelp. Ei kartlegging frå 2024 i våre klinikkar bekreftar desse trendane. Her kom det også fram at det er særskilt utfordrande å rekruttere overlegar på fagområdet gynekologisk kreft ved Kvinneklinikken, noko som har vært mykje omtalt i media det siste året.
Vidare ser vi at private kommersielle tenester kan bidra til overdiagnostikk og overbehandling, til dømes i form av blodprøvetaking og ultralydundersøking av friske personar. Dette gjer at vi ikkje har ei rasjonell utnytting av dei samla personellressursane i landet.

Godkjenningsordning av verksemder
Dagens godkjenningsordning etter spesialisthelsetenestelova § 4-1 er viktig for å sikre kvalitet og pasienttryggleik i dei private kommersielle tenestene. Dersom private kommersielle helsetilbod veks og blir utvida på ein slik måte at det skaper stor mangel på personellressursar innan den offentlege helse- og omsorgstenesta, er det nødvendig med statleg styring. Vi støttar derfor forslaget om ein klar forskriftsheimel i spesialisthelsetenestelova § 4-1, slik at det også kan bli kravd godkjenning av private verksemder som vil drive med helse- og omsorgstenester av omsyn til å verne helsepersonellressursar som er nødvendige for forsvarlege offentlege spesialisthelsetenester eller kommunale helse- og omsorgstenester.
Det er eit viktig poeng for oss at ei godkjenningsordning kjem pasientane og befolkninga til gode. Konkurransen om knappe personellressursar kan vere uheldig dersom han går utover vår evne til å tilby pasientane forsvarlege helse- og omsorgstenester, og å ha beredskap for heile befolkninga.
Vi er også bekymra for at ei tapping av personellressursar frå dei offentleg eigde og finansierte helse- og omsorgstenestene kan utfordre prinsippet om likeverdig tilgang til helse- og omsorgstenester i landet. Dersom personellressursar blir allokerte til private kommersielle tenester som ikkje er vurderte som fagleg prioriterte, slik tenestene i den offentlege helse- og omsorgstenesta er, vil pasientane og innbyggjarane kunne miste den tryggleiken dei har for at dei får nødvendig og god helsehjelp når dei treng det. I dette perspektivet vil ei godkjenningsordning kunne fungere som eit eigna verkemiddel for å bidra til å sikre likeverdig tilgang til helsetenester for befolkninga.
Det finst fleire verkemiddel å ta i bruk for å behalde og rekruttere kompetente medarbeidarar. Tiltaka må vere eigna, proporsjonale og nødvendige for å svare utfordringane. Å leggje avgrensing på etablering av private kommersielle helseaktørar er inngripande for dei aktuelle verksemdene, og for helsepersonell som kunne tenke seg å arbeide der, men er ei nødvendig regulering dersom tilgangen på helsepersonell blir så kritisk at vi står i fare for å ikkje kunne halde oppe eit forsvarleg offentleg tilbod. Alternativet er å senke kapasitet og kvalitet i vår felles helseteneste, noko som vil svekke helse, tryggleik og livskvalitet for innbyggjarane.
Det er viktig å sikre at slike avgjerder blir gjennomførte etter ei grundig vurdering og på bakgrunn av dokumentasjon som viser at personellmangel utgjer ein alvorleg og nærliggjande risiko for at det offentlege helse- og omsorgstilbodet blir uforsvarleg. Vi saknar nærare forklaring for korleis ei slik saksbehandling skal gå føre seg, i kva grad forvaltningslova skal gjelde og kven som eventuelt skal vere klageinstans for avslag på godkjenning.
Departementet har bede høyringsinstansane om å gi innspel om det bør lovregulerast at dei som kan bli ramma av personellmangelen skal få høve til å uttale seg ved vurdering av om godkjenning skal bli gitt. Vi støttar dette. Å høyre ramma aktørar vil uansett vere ei påkravd saksførebuing som følgjer av forvaltningslova, men det er eit viktig pedagogisk grep å tydeleggjere dette i lovverket. Vi presiserer at det er viktig at høvet til å uttale seg ikkje blir utforma som ei plikt i lovverket.

Vilkår for å bruke nemningane sjukehus og legevakt
Haukeland universitetssjukehus støttar forslaget om å etablere ein heimel for å kunne stille vilkår for at verksemder kan bruke nemningane sjukehus og legevakt, og eventuelt leggje ned forbod. Ved regelbrot er vi samd i at departementet bør kunne gje gebyr.
Vi er svært opptekne av at pasientane skal ha tillit til oss i den offentlege helse- og omsorgstenesta. Det må vere tydeleg for pasientane kva verksemder som er sjukehus og kva verksemder som ikkje er det. Pasientane forventar at verksemder som kallar seg sjukehus har døgnopen bemanning heile året, akuttberedskap, spesialiserte tenester, moglegheiter for akutt og planlagt innlegging, osv. Dersom bruk av nemninga ikkje blir regulert, kan vi risikere at pasientar forvekslar offentleg tilbod med private kommersielle tilbod, der sistnemnde ikkje har same breidde eller kvalitet som dei offentlege eller private ideelle sjukehusa, og i tillegg krev full betaling frå pasientane. Med eit aukande tal private kommersielle tilbydarar av helse- og omsorgstenester, meiner vi at det er formålstenleg å etablere føreslått heimel.

Oppsummering
Haukeland universitetssjukehus støttar forslaga i høyringsnotatet, då det er naudsynt med verkemiddel som sikrar forsvarleg bemanning i vår felles helseteneste.
Nina Sofie Lem Samuelsen
Juridisk seniorrådgiver
Nina Sofie Lem Samuelsen
Juridisk seniorrådgiver