🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i vannforskriften og naturmangfoldloven

Nordfjord vassområdeutval

Departement: Familiedepartementet
Høyringssvar frå Nordfjord vassområdeutval Dato: 28.11.2017 Svartype: Med merknad Nordfjord vassområdeutval drøfta forslaga til endringar i vassforskrifta og naturmangfaldlova i møte 16.11.2017, og vedtok høyringssvaret nedanfor. Høyringssvar frå Nordfjord vassområdeutval Merknad: Statens vegvesen, Norges vassdrags- og energidirektorat og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltar ikkje i dette høyringssvaret, men kjem med eigne fråsegn. Lokalt engasjement, lokalpolitisk forankring og samordning av mål, tiltak og prioriteringar vert best sikra ved å behalde ordninga med vassregionutval og med fylkeskommunen som vassregionstyresmakt. Vassområdeutvalet ønskjer å halde på noverande organisering med vassområdeutval og vassregionutval. Vassområdeutvala vart etablert ved politiske vedtak i kommunane i 2011-12. Drifta av vassområdeutvala er i dag finansiert gjennom eit spleiselag mellom kommunane og fylkeskommunen. I tida etter etablering er det opparbeidd ei felles forståing av omgrep og krav etter vassforskrifta. Det er starta opp faglege samarbeidsgrupper og samarbeid mellom kommunane om gjennomføring av miljøovervaking. Desse samarbeida bør få meir tid til å oppnå resultat som stettar krava i vassforskrifta, som å opparbeide eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag, gjennomføre tiltak og føreslå nye tiltak til neste planfase. Framdrift i dette arbeidet vert best sikra ved å oppretthalde prosjektleiarstillingane (vassområdekoordinatorar) i vassområda. Det er vesentleg at vassforskrifta er heimla i Plan- og bygningslova for å sikre at alle har ansvar for å bidra inn i planarbeidet. Det er og viktig at det er samsvar mellom kommunen sine planar og gjennomføring av tiltak og dermed at tiltak blir gjennomført. Kommunen bør og verne om vassførekomstane i sine planar som er forankra i Plan- og bygningslova. Forslaget inneber at fylkeskommunen mistar si rolle som vassregionstyresmakt og at fleire oppgåver innanfor vassforvaltninga blir flytta frå regionalt nivå til statleg nivå. Dette strir mot føresetnadene som fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland sette for å vedta samanslåing, jamfør regionreforma, nemleg at oppgåver skal flyttast frå stat til den nye regionen. Dei føreslåtte endringane med flytting av oppgåver frå regional til statleg nivå, bør vurderast opp mot konklusjonane frå ekspertutvalet, som regjeringa har sett ned til å vurdere fleire oppgåver til dei nye fylkeskommunane etter regionreforma, jamfør Prop 84 S (2016-2017). Ein viktig grunn til forslaga om endring av vassforskrifta er at ein ønskjer å forenkle prosessen. Ein legg då til grunn at arbeidet framover vil omfatte «berre mindre justeringar» av forvaltningsplan og tiltaksprogram. Denne føresetnaden meiner vi er feil. I Nordfjord vassområde er kunnskapsinnhenting einaste tiltak for ein svært stor del av vassførekomstane i risiko. Det er eit omfattande arbeid som står att med å utgreie avbøtande tiltak for å nå miljømåla. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"