🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Register over drap og vold med dødelig utgang

Barneombodet

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

Barneombudet er positive til at det opprettast eit register

Barneombodet stiller seg positiv til at det opprettast eit register slik departementet foreslår, under føresetnad om at omsynet til beskyttelse av personvernet er ivaretatt.

Barneombudet forutset at drap av born får eit særskilt fokus

Barneombodet er skuffa over manglande fokus på drap av born. Ombodet meiner drap av born krev eit særleg fokus og bør behandlast som eit eige tema, på lik linje med partnerdrap.

Tal frå Barne- ungdoms og familiedirektoratet syner at fem prosent av alle born fortel at dei har vore utsett for grov, gjentakande vald frå foreldra før dei fyller 18 år. I tillegg kjem store mørketal. Alvorleg vald mot born har store konsekvensar for den som er utset, og er eit stort samfunnsproblem. Det er gode grunnar for at registeret skal samla inn kunnskap som kan nyttast til å forebygge alvorleg vald mot born. Folkehelseinstituttet har eit fagmiljø på området som bør involverast i arbeidet med denne delen av registeret.

Born som tar liv

Barneombodet er uroa for at vi i Noreg den siste tida har sett fleire born som drep. Bekymringa er særleg stor der desse borna har vore under offentleg omsorg. Vi meiner det bør gjerast undersøkingar for å finne ut meir om desse sakene. For å avhjelpa framtidig forsking ber ombodet om at det blir føretatt ei nærmare utgreiing om også saker der born drep kan omfattast av registeret.

Anne Lindboe barneombod

Elin Saga Kjørholt seniorrådgjevar