Høringssvar frå Utdanningsforbundet
Utdanningsforbundet vil i denne høyringa kommentere endringane som gjeld innføringa av ei mellombels ordning for sletting av utdanningslån for kvalifiserte lærarar i grunnskulen i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms og innføring av ny permanent ordning for sletting av utdanningsgjeld ved fullført femårig grunnskulelærarutdanning eller femårig lektorutdanning.
Utdanningsforbundet støttar departementet sine endringar knytt til desse forslaga. Vi ønskjer likevel å presisere at auka rekruttering av kvalifiserte lærarar er viktig over heile landet, og at det difor er viktig at dei særskilte tiltaka kjem i tillegg til ei heilskapleg nasjonal satsing. Det er vidare nødvendig å sikre at det ikkje blir ei skeivfordeling av rekruttering til nokre lærarutdanningar. Når det kjem til rekruttering til lærarutdanningane er det og særskilt viktig at dei som tek utdanning, speglar mangfaldet i befolkninga.
Sletting av utdanningslån vil ikkje åleine føre til fleire kvalifiserte lærarar, og Utdanningsforbundet meiner difor at forslaga må supplerast med andre tiltak som til dømes betring av lønns- og arbeidsvilkår, heving av status, utjamning av ulikheiter i kjønn, lokale tiltak og utdanningar av høg kvalitet.
Utdanningsforbundet støttar departementet i dei språklege og strukturelle endringane som er foreslått, og ønskjer i tillegg at departementet konsekvent nyttar omgrepa grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 og 5.-10 og lektorutdanning for trinn 8.-13 når dei omtalar lærarutdanningane.

Med vennlig hilsen