Merknader til fordeling av Norsk Tippings overskudd øremerket samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner Dato: 26.09.2017 Svartype: Med merknad Vi syner til brev datert 16.08.2017 frå det Kongelige Kulturdepartement der Ammerud Skules Musikkorps (ASMK) blir bedne om å kome med merknader til forslaga innan 10.11.2017. Vi syner òg til fjorårets brev datert 22.6.2016 frå det Kongelige Kulturdepartement der Ammerud Skules Musikkorps blei bedne om å kome med merknader til høyringsutkastet som då blei sendt ut. Sidan fjorårets høyring hadde omtrent same innhald som høyringa i år, vil rimelegvis dette høyringssvaret ha mykje same innhald som fjorårets høyringssvar. Forslag til endring i fordelinga av Norsk Tippings overskot vil ha store negative konsekvensar for ASMK og korpsbevegelsen. Den største utgiftsposten for eit korps er driftsmidlar og for ASMK sin del utgjorde i 2016 driftskostnader til profesjonelle instruktørar og dirigentar godt over 60 % av utgiftene. For ASMK, som er eit stort korps med om lag 70 musikantar utgjorde dette i 2016 i overkant av kr. 600 000. At instruksjon utgjer ein så stor del av eit korps sitt budsjett er nok gjeldande for dei aller fleste korps. I tillegg har ein òg andre utgifter til drift. Samstundes er det slik at dei fleste midlar korpsa kan søkja på ikkje dekkjer utgifter til drift. Grunnar til at det er viktig at skulekorps også i framtida bør tildelast deler av overskotet frå Norsk tipping: Korpset er ein viktig integreringsarena, spesielt i bydelar med lågare sosial-, kulturell og økonomisk kapital enn kva som er gjennomsnittet i landet. ASMK tek eit viktig samfunnsansvar ved at vi held ein forhaldsvis låg eigenbetaling for å vera med i korpset. Alle skal ha mogelegheit til å vera med uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon. Truleg vil medlemsmassen minka dersom korpset må auka kontingenten og dugnadspresset på foreldre, som allereie gjer ein stor frivillig innsats. Musikk og kultur er ein viktig del av eit barn sin oppvekst og sosiale utdanning. Vidare har forsking vist at musikk har nytte ut over det reint sosiale og musikalske ved at det mellom anna er positivt for matematisk innlæring. Skulekorpsa er ein unik fritidsaktivitet då den er aldersblanda (frå 3. skuletrinn og ut vidaregåande), alle er med, dvs. det er ingen som sit på benken eller er reserve, og den er ikkje kjønnsdelt. Dei små borna lærer av dei store og dei store lærer å ta omsyn for dei små. Korpsa gjev god musikkompetanse til borna. Ein er avhengig av fagpersonar med utdanning innan musikk og pedagogikk, og dette er ikkje oppgåver som kan overtakast av foreldra. Grunnutdanninga med instrument- og notelære krev dyktige musikkpedagogar, og etter kvart som musikantane utviklar sine musikalske evner treng dei instruktørar som kan tilpassa og utfordra den enkelte musikant. Dette gjer at korpsa treng stabile og relativt høge inntekter for å kunne overleva. Kompetansen barna får kan dei ha glede av resten av livet. Dette er klart den største utgifta til eit korps. Korps er viktig for det lokale kulturlivet, det skapar både eit levande miljø og stemning i nærmiljøet. Det fleste vil nok vera samde i at mai månad ville vera fattigare utan skulekorpsa. ASMK har i mange år vore heldig som har motteke om lag kr. 350 000 pr. år som kompensasjon for bortfall av automatinntekter. Vi er òg takksame for at overgangsordninga vert forlenga med eit år. Korpset er klar over at me på mange måtar har vore privilegert, men samstundes ser me også at ASMK er det einaste store korpset som er igjen i bydelen. Dette er noko me er stolte av når ein ser på befolkningssamansetjinga i bydelen. Vi vil òg hevde at vårt arbeid er eit bidrag til den såkalla kvardagsintegreringa. Momskompensasjon, Frifond og Grasrotandel har variert frå i underkant av kr. 50 000 til i underkant av kr. 100 000 pr. år dei siste 4 åra, og kan på ingen måte erstatte bortfall av automatinntekter. Dersom midlane fell bort, vil me truleg måtte redusere aktivitetane merkbart. Dette er svært negativt då me har opplevd ein svært bra rekruttering til korpset dei siste åra. Me ynskjer ikkje at den økonomiske terskelen for å byrja i korpset skal bli høgare. Vi gjer også merksam på at høyringa ifrå 2013 ikkje var sendt til ASMK, så at det var semje om utfallet den gongen er i beste fall misvisande. Venleg helsing ASMK v/styreleiar Reidun Ravem Vedlegg Høringssvar Ammerud Skoles Musikkorps.pdf Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen