🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - fordeling av Norsk Tippings overskudd til samfunnsnyttige og humanitære...

Norsk Revmatikerforbund Sogn og Fjordane Fylkeslag

Departement: Familiedepartementet
HØYRINGSUTTALE NORSK TIPPINGS OVERSKOT TIL SAMFUNNSNYTTIGE OG HUMANITÆRE ORGANISASJONAR Dato: 19.10.2017 Svartype: Med merknad Me syner til høyringsnotat sendt ut frå dykk 16. august 2017 , med høyringsfrist 10. november 2017 . Norsk Revmatikerforbund, Sogn og Fjordane fylkeslag er ei fylkesforeining for dei 15 lokallaga Norsk Revmatikerforbund (NRF) har i Sogn og Fjordane. Per 31. desember 2016 hadde NRF sine lokallag i Sogn og Fjordane 1.134 medlemer. NRF Sogn og Fjordane fylkeslag er registrert i Brønnøysundsregisteret, org.nr 971 363 789. Fylkeslaget er også godkjent som lotteriverdig av Lotteri- og stiftelsestilsynet. NRF Sogn og Fjordane fylkeslag er blant organisasjonane som til og med 2001 hadde årlege inntekter frå speleautomatar, og som etter den tid har motteke tilskot frå Lotteri- og stiftelsestilsynet tilsvarande det me hadde i inntekter frå speleautomatar. Desse midlane blir brukt til beste for medlemene i dei lokale NRF-laga i fylket. Mellom anna til å yta tilskot til behandlingsopphald på Reuma-Sol i Spania, eller andre behandlingsstader godkjende av Helfor. Det årlege tilskotet NRF Sogn og Fjordane fylkeslag mottek, går soleis til velferdstiltak som er viktige for medlemene våre. Endringane som det er framlegg om, vil bety at det blir vanskelegare for ein lokal- eller fylkesdekkande organisasjon å yta velferdstilbod til medlemane. Tilbod som til dømes behandlingsreiser til Spania er veldig viktig for revmatikarar. Blir konsekvensen av dei foreslåtte endringane at me ikkje lenger kan yta tilskot til slike opphald, kan dette fort bety ein dårlegare almentilstand for mange av medlemane. Noko som i sin tur fører med seg auka kostnader på andre budsjettpostar for storsamfunnet. Reint prinsipielt meiner NRF Sogn og Fjordane fylkeslag at det er heilt feil Å sentralisere bruken av midlane frå Norsk Tipping, slik det er lagt opp til i høyringsdokumentet. Me minner om at dette er overskot av pengar som Norsk Tipping hentar inn frå heile landet. NRF Sogn og Fjordane fylkeslag ber difor departementet halda fast på den noverande ordninga for fordeling av Norsk Tippings overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. 6804 Førde, 19. oktober 2017 Edel Olstad(s) Leiar i NRF Sogn og Fjordane Fylkeslag Kjell E. Eldegard Kasserer i NRF Sogn og Fjordane Fylkeslag   Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"