Høring - endring av vilkår i forskrift om fastlønnstilskudd til delvis dekning av kommunenes utgifter til fysioterapitjenester Dato: 03.11.2017 Svartype: Med merknad Høyringsuttale Intensjonen om å legge til rette for ei meir fleksibel fysioterapiteneste er god. Det er ei utfordring å nytta ressursane effektivt. Det skuldast fleire ting, m.a. fleire driftsformar, manglande kontroll med tilboda som vert gitt hos einskilde terapeutar og spreidd busetnad. Vi ser at delt driftstilskot/fastlønstilskot vil gjere rekruttering av godt kvalifiserte terapeutar lettare i små kommunar fordi eit driftstilskot er meir attraktivt enn fast løn. Det vil og truleg motivera terapeuten til å gje tilbod som effektivt reduserer ventelista. (T.d. gruppetilbod). Faren er at kurativ verksemd blir føretrekt framfor kommunale oppgåver og at det kan gje negative konsekvensar for førebyggjande arbeid, rehabilitering i kommunale institusjonar og teamarbeid/kvardagsrehabilitering. Venstreforskyving av tilbodet krev tidlig innsats i alle ledd, noko som lettare kan ivaretakast av kommunale terapeutar. Føresetnaden for at delt driftstilskot/fastlønstilskot skal fungere er at dei kommunale oppgåvene ikkje vert nedprioritert. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen