🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Endringer i reglene om nydyrking - Forbud mot nydyrking av myr

Hornindal kommune

Departement: Familiedepartementet
Høyringssvar frå Hornindal kommune - Vedtak i kommunestyret 07.09.17 Dato: 14.09.2017 Svartype: Med merknad Kommunestyret har fatta følgjande vedtak i møte den 07.09.2017, sak 053/17: Samrøystes vedtak: Hornindal kommune syner til forslaget frå Landbruks- og matdepartementet om endring av reglane for nydyrking og forbod mot nydyrking av myr. Eit totalforbod mot dyrking av myr vil vere drastisk for mange landbruksføretak i Hornindal. Den dyrkbare myra er ein viktig ressurs for eigedomane og viktig beredskapsmessig for kommunen. Hornindal kommune oppmodar difor at ein vel å tillate nydyrking av myr ved bruk av bestemte nydyrkingsmetodar som bidreg til reduserte klimagassutslepp samanlikna med tradisjonelle nydyrkingsmetodar. Dersom ein vel å innføre totalt forbod mot dyrking av myr rår ein til at ein opnar for dispensasjonar ved bruk av bestemte nydyrkingsmetodar.     Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen