Midsund kommune. Uttale til forbod mot nydyrking av myr Dato: 06.10.2017 Svartype: Med merknad Høyringsdokumenta vart lagt fram i møte i Naturbruksnemnda 01.09.2017. Ein stor del av dei areala som har vore dyrka i Midsund dei siste tiåra har vore myr og ein stor del av dei dyrkande areala er bonitert som myr. Eit forbod mot dyrking av myr vil medføre at enkeltbruk i Midsund ikkje vil ha tilgang til dyrkingsjord. Eit forbod mot dyrking av myr vil ha liten klimaeffekt. Det kan ikkje påreknast at særleg store areal myr vert dyrka på grunn av driftstekniske tilhøve og eit forbod vil ha stor negativ verknad for enkeltbruk og landbruket i enkelte kommunar. Midsund kommune vil difor frårå at det vert innført eit generelt forbod mot nydyrking av myr, Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen