🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om forslag om å innføre forbud mot bruk av plagg som helt eller delvis de...

Fylkesmannen i Rogaland

Departement: Kunnskapsdepartementet
Om bruk av andletsplagg Dato: 19.09.2017 Svartype: Med merknad Fylkesmannen i Rogaland er samd med Kunnskapsdepartementet i at det er tenleg å forankra eit forbod mot bruk av delvis eller heildekkande andletsplagg i barnehage, grunnopplæring og vaksenopplæring i aktuelle lover. Me legg til grunn at bruken av slike plagg ikkje inneber noko kvardagsutfordring i barnehage og grunnopplæring, og Fylkesmannen har ikkje fått meldingar frå kommunane/fylkeskommunen som tyder på noko anna. Men nokre kommunar har meldt til oss at det er eit problem innanfor introduksjonsordninga/vaksenopplæringa. I dag er det heimel i opplæringslova § 9A-10 for å gje reglar om bruk av andletsplagg lokalt i ordensreglementet. Det same gjeld for friskulane. Etter Fylkesmannen i Rogaland si meining er det viktig at slike reglar er gjevne sentralt, fordi det ofte  kan vera vanskeleg og sensitivt for ein kommune/skule å gje eigne reglar for bruk av andletsplagg. Nokre seier det er vanskeleg å gje eigne reglar så lenge ein ikkje har «lova i ryggen». Etter vår meining er dette eit område det er viktig å sikre likebehandling på for nettopp ikkje å ha store lokale skilnader. I dag er det ikkje heimel for å gje reglar om andletsplagg innanfor introduksjonsordninga eller opplæringa i norsk- og samfunnskunnskap. Det er ikkje gode grunnar til å ha andre reglar for desse gruppene enn innanfor opplæring elles i samfunnet. Fylkesmannen meiner det må vera eit grunnkrav at ein har eit andlet å forhalda seg til dersom dialogen i opplæringa skal kunne fungere skikkeleg. Av omsyn til god samhandling og kommunikasjon mellom elevar/deltakarar og mellom lærar og elev/deltakar er det naudsynt med forbod mot delvis eller heildekkande andletsplagg. Fylkesmannen peikar også på at bruk av andletsplagg av og til påverkar andre i gruppa negativt, ved at dei kjenner seg pressa til å nytta slikt plagg. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen