Øygarden kommune sin uttale på «Utredning av samordning mellom barneloven og barnevernsloven»
Øygarden kommune støtter at det er behov for betre heilskaplege løysingar i det som vert omtalt som «dobbeltsporsakar» og at barn i dag vert skadelidande fordi det manglar eit eigna system for desse sakane. Øygarden vil kome med nokre innspel til utgreiinga basert på erfaringar frå kommunal barnevernsteneste.
Tydeleggjering av type sak
Øygarden ønskjer i denne uttalen å dele «dobbeltsporsakene» inn i to type sakar. Dette er «typiske» sakar som barnevernstenesta har pågåande arbeid parallelt med at det er ein pågåande tvist mellom foreldra om dagleg omsorg og samværsomfang.
Øygarden vurderer at ei endring i lovverket som skildra i utgreiinga ikkje vil bidra til raskare og betre løysingar for barna som står i desse konfliktane utan at det parallelt vert endringar i tenesteapparatet. Vidare i denne uttalen vil Øygarden gje innspel med utgangspunkt i sakane som er skildra under punkt 2.

Kompetanse
Slik Øygarden forstår utgreiinga er det foreslått at den kommunale barnevernstenesta vil få ansvar for å undersøke og tilrå fast bustad for barnet til barnevern – og helsenemnda i desse sakane med utgangspunkt i ei barnevernsfagleg vurdering.
Pr. i dag har ikkje barnevernstenesta tilstrekkeleg kompetanse og verktøy til å gjennomføre slike undersøkingar. Det vert òg opplevd som om det er lite fokus på desse sakane i kompetansemiljø som er knytt opp mot barnevernsfeltet. Som skildra ovanfor har foreldra ofte tilstrekkeleg god nok omsorg kvar for seg. Fram til no har barnevernstenesta hatt ansvar for å fagleg vurdere foreldra sin omsorg samla opp mot flytting til andre enn sine biologiske foreldre. Øygarden vurderer difor at barneverntenesta i dag ikkje er fagleg rusta til å vekte foreldra opp mot kvarandre og gjere barnet sitt beste vurderingar i slike sakar.

Kapasitet
Barnevernstenesta si erfaring er at sjølv om det kanskje ikkje er så mange slike sakar, er den totale ressursbruken i desse sakane svært høg utan å ha eksakte tal på det.
Ressursbruken handlar om at det ofte er hyppig kontakt med begge foreldra. Kommunal barnevernsteneste er gratis og lett tilgjengeleg for foreldra. Foreldra bruker ofte kapasiteten sin til å fremje sin sak og synspunkt i konflikten i staden for å bidra til å finne gode løysingar for barna. Dette er òg ofte sakar det kjem mange bekymringsmeldingar frå partane som i seg sjølv bidreg til høg bruk av sakshandsamingsressursar.
Bekymringa er at dersom barnevernstenesta skal få eit større ansvar for disse sakane vil det verte større pågang til tenesta som vil gå utover den samla kapasiteten og at barneverntenesta vert ståande «åleine» i sakar ein ikkje opplev at tenesta er rigga for.
Sakar som er skildra under punkt 2 er ofte sakar kommunen betaler for private kjøp frå psykologspesialistar då det vert opplevd at barnevernstenesta ikkje har tilstrekkeleg kompetanse. Barnevernstenesta har ikkje tilsette som er psykologutdanna. Rekninga i ei sak kan då ende på ein plass mellom kr. 200 000 - 300 000,- for arbeid i 3 – 6 månad.

Oppsummering
Slik Øygarden forstår utgreiinga er hovudvekta på juridiske endringar for å forenkle og raskare kunne avklare bustad og samvær for barn der foreldra er i konflikt, og det parallelt er ein pågåande barnevernssak.
Øygarden saknar at dei økonomiske, administrative og faglege konsekvensane for arbeidet til kommunal barnevernsteneste vert omtalt og drøfta i saka, og forventar difor at det vil kome ein eigen utgreiing knytt til dette som ein forlenging av eventuelle endringar i lovverket.
Sjølv om det er få sakar vil det verte eit stort nytt arbeidsfelt for barnevernstenesta dersom endringa trer i kraft og det vil vere behov for kompetanseheving og faglege føringar på korleis ein skal arbeide i den type sakar.