🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - pasientens legemiddelliste

Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane

Departement: Familiedepartementet
Pasientens legemiddelliste - uttale frå fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane Dato: 03.07.2017 Svartype: Med merknad Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane støttar hensikta og ser nødvendigheita med å lage ei legemiddelliste for pasientar, men det er viktig med digital sikkerheit, slik at uvedkommande ikkje får tilgang til sensitive data. Det er viktig at pasientane får medisinen som dei treng. Det bør vere gode rutinar for å informere brukarar om at dei kan reservere seg mot å stå på legemiddellista, òg i høve til kven som skal få innsyn til deira liste. Pasienten eller pårørande bør få ha kontroll med kven som har tilgang til legemiddellista. For eldre som ikkje sjølve kan gå inn og finne opplysningar om si liste, bør dei få hjelp til å få ut opplysningane på papir. Fastlegen bør vere den naturlege hjelparen. Fastlegen bør ha hovudansvaret for innhaldet og oppdateringa av legemiddellista, og han bør ta i vare at pasienten ikkje får, eller går på medisinar med unødvendige interaksjonar. Elles er det viktig at pasienten sjølv er ansvarleg og melder frå om han brukar diverse naturpreparat, sidan fleire av desse kan ha uheldig verknad på ein del vanlege legemiddel. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen