🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forskrift om stillinger og funksjoner som i Norge medfører status som p...

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 19.11.2025 Svartype: Med merknad Lotteritilsynet er positive til at det blir utarbeida ei liste over stillingar og funksjonar som gir status som politisk eksponert person. Etter vårt syn vil dette mellom anna gjere arbeidet enklare og meir føreseieleg for rapporteringspliktige. I utkastet til stillingar og funksjonar som kvalifiserer til PEP, er direktør og styret for statleg eigde føretak nemnt. Dette vil føre til at Norsk Tipping AS blir omfatta av forslaget, medan den andre einerettsaktøren på den norske spelmarknaden, Stiftelsen Norsk Rikstoto, ikkje blir omfatta. Som stiftelse har Norsk Rikstoto ikkje statleg eigarskap, og fell difor utanfor. I utkastet til stillingar og funksjonar som kvalifiserer til PEP, er direktørane til dei andre tilsynsmyndigheitene på antikvitvaskingsområdet (Finanstilsynet og Advokattilsynet) nemnt. Direktør for den siste tilsynsmyndigheita på området, Lotteri- og stiftelsestilsynet, er ikkje inkludert. Finansdepartementet Til høringen Til toppen