Dato: 17.01.2025 Svartype: Med merknad Høringsuttalelse fra Valnesfjord Helsesportsenter. Valnesfjord helsesportsenter takkar for høvet til å sende inn høyringssvar til NOU 2024:17. Støstad-utvalet har arbeidd grundig med mandatet for vurdering av korleis kommersielle aktørar, som kom inn på velferdsfeltet i perioden 1980 til 2000, kan fasast ut av ulike kommersielle skattefinansierte velferdstenester. I grunngjevinga til mandatet står det at «Legitimiteten til den norske velferdsmodellen hviler på at skattepengene kommer fellesskapet til gode i form av gode velferdsytelser til innbyggerne, og ikke ender opp hos kommersielle aktører.» (side 18). Politiske styringssignal gjennom fleire år, frå heile det politiske spekteret, har stilt opp krav til dei regionale helseføretaka (RHF) om prioritering av ideelle. Det er dokumentert at RHF-a ikkje lystrar styringssignala som HOD og Stortingspolitikarane gjev, når det gjeld prioritering av ideelle aktørar (Ideelle aktørar, frå politisk konsensus til handling? Prioriterer dei regionale helseføretaka pålagte mål? https://www.duo.uio.no/handle/10852/103140 ). Praksis kring anskaffingar av spesialisert rehabilitering har altså ikkje vore i tråd med politikarane sine planar for samfunnsutvikling, men ført til reduksjon av ideelle aktørar. I Velferdstenesteutvalet si oppsummering i kapittel 5 (s. 99, NOU 2020:13), visast det og at vidare bruk av opne anskaffingar (opne konkurransar) kan føre til avvikling av ideelle aktørar og favorisering av kommersielle. Utvalgets kartlegging kan tyde på at bruk av åpne anskaffelser i realiteten innebærer en favorisering av kommersielle framfor ideelle virksomheter, alt annet likt. Ideelles særtrekk med et samfunnsnyttig formål og uten adgang til å ta ut overskudd, påvirker og gjenspeiles i deres organisasjonskultur. Mangel på «kommersiell» og markedsorientert kultur gjør at ideelle er dårlig rustet for den konkurransen som ligger i et anskaffelsesregime. Over tid kan det medføre at ideelle aktører forsvinner som leverandører av offentlig finansierte velferdstjenester med tap av kompetanse og kultur for gode behandlingsløsninger til beste for pasientene. Velferdstenesteutvalet dokumenterte også ein tydeleg reduksjon av ideelle, og framvekst av kommersielle aktørar. Ideelle aktørar sin andel av driftsinntekter for private leverandørar av spesialisthelsetenester hadde reell nedgang med 10 %-poeng i perioden 2010 til 2018. Kommersielle aktørar auka tilsvarande, og utanlandske konsern dobla sin andel frå 11 til 25% (s. 318). Dette viser at skal me framleis ha ideelle aktørar i framtida må dagens praksis for opne anskaffingar endrast. Til dømes pågår det i dag, til trass for eksplisitte styringssignal om styrking av ideelle aktørar, ein open konkurranse i eit RHF om kjøp av spesialiserte rehabiliteringstenester. I tillegg til at det er ei open anskaffing er der også andre element til stades som favoriserer kommersielle aktørar. Det vert ikkje etterspurt historiske resultat når det gjeld tidlegare leverte helsetenester. Eit fokus på erfaring og tidlegare resultat ville kunne styrkt ideelle aktørar i anskaffingsprosessen, sidan desse aktørane over tid har arbeidd med og utvikla tenestene som skal anskaffast. Denne anskaffinga spør ikkje etter erfaring og resultat, men ber kun om ein presentasjon av eit framtidig tilbod. I tillegg er anskaffinga vedteken gjennomført med ei vekting av pris høgare enn kvalitet (60 % pris, 40% kvalitet), noko som favoriserer kommersielle aktørar. Ideelle er konstruert for å løyse samfunnsutfordringar, kommersielle aktørar skal generere overskot til eigarane. Det er lite som tydar på at kommersielle kan levere billigare tjeneser gitt samme kvalitet som dei ideelle har. Ideelle har ikkje tilsvarande tilgang på risikoviljug kapital som kommersielle har. Referansemodell 2 vil sikre at flest av velferdsstatens kroner vil bli brukt til tiltenkt føremålet, og ikkje ende opp som forteneste hjå kommersielle eigarar. Denne modellen vil sikre vidareføring av spesialiserte fagmiljø som over tid har levert viktige tenester med god kvalitet. Modellen vil og sikre vidareføring av desentraliserte tilbod i heile landet. Ein eventuell bruk av Referansemodell 3 må handterast slik at dagens situasjon med nedbygging av ideell sektor ikkje blir vidareført. Utvalet viser det er fullt mogleg å prioritere ideelle leverandørar ved bruk av offentlege anskaffingar. Då må innretninga av anskaffingane vera utforma i tråd med retningsliner som utvalet viser til i punkt 5.4.6. Erfaringar til no viser det trengs enno tydelegare styring og grundigare rettleiingsmateriell for innkjøparar, slik at prioritering av ideelle faktisk vert gjort i komande anskaffingar. Ein eventuell bruk av Referansemodell 3 krev svært tydeleg politisk styring, samt oppfylging som sikrar at konkurransegrunnlag ikkje blir utforma på ein slik måte at kommersielle i realiteten har konkurransefortrinn. Vi er einig i at det bør vurderast andre strategiar og strukturar for samarbeid mellom myndigheitene og ideelle aktørar enn ein praksis berre tufta på reservasjonsadgangen i anskaffingsforskrifta § 30-2 (NOU 2024:17, s. 359). Eit alternativ er å bruke forslag i 15.3.2 (tilskot for ideelle aktørar) for å sikre kontinuitet av ideelle aktørar. Oppsummering: Utan aktive tiltak i retning av fleirtalets framlegg vil ideell sektor over tid bli heilt marginalisert jmf. NOU 2020:13. For å imøtekoma fremtidige utfordringar innen helse- og velferdsfeltet treng man ein sterk ideell sektor i landet vårt. Det vil vere eit stort feilgrep å leggje denne NOU-en i “ein skuff”. Vi anbefaler referansemodell 2. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"