🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringer i eigedomsskattelova og skatteloven vedrørende bes...

Hjelmeland kommune

Departement: Finansdepartementet
Høyringsuttale om skatt på produksjonsliner, Hjelmeland kommune Dato: 25.07.2017 Svartype: Med merknad Finansdepartementet Postboks 8008 DEP 0030 OSLO Att:   Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/969-32/17/10564 K1 - 232 25.07.2017 HØYRINGSUTTALE OM SKATT PÅ PRODUKSJONSLINER. Me syner til Finansdepartementet sitt brev med vedlagt høyringsnotat 25.april 2017, frist 25. juli 2017. Forslag til nye reglar om eigedomsskatt på produksjonsrelaterte nett og kraftanlegg. Hjelmeland kommune stiller seg bak høyringsuttalen frå LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar.), og vel å trekka fram fylgjande tilhøve som særleg viktig for vår kommune. 1. I staden for å endra omgrepet kraftanlegg i skattelova vil det være ei betre løysing å regulera kva frådrag ein kan gje i tråd med skattelova §18- 5 tredje og fjerde ledd. Slike frådrag vert då ikkje avhengig av om produsenten sjølv eig nettanlegget. Å endra omgrepet «kraftanlegg» vil kunne gje ein ikkje tilsikta verknad for alle reglar som nyttar omgrepet «kraftanlegg». 2. Objektivitetsprinsippet når det gjeld eigedomsskatt er viktig. Med LVK sitt forslag vil ein kunne skattlegga kraftanlegg og nettanlegg på same måte, uavhengig av eigarskap. 3. Nettanlegg må framleis kunne sjåast som eige skatteobjekt i tråd med SKS- dommen. 4. Hjelmeland kommune er einig i at det er trong om nærare regulering av kva driftsmidlar som skal gje frådrag når det gjeld sktl. § 18-5 fjerde ledd, og meiner som LVK at det bør settast ned ei arbeidsgruppe som kan gje forslag om reguleringar av kva driftsmidlar som skal gje rett til frådrag. I ei slik gruppe er det svært viktig at kommunane er representerte saman med bransjen. 5. Når det gjeld argumenta i høyringsnotatet om at grunnrenteskatt og eigedomsskatt må ha like reglar er me ueinige i det. Eigedomsskatt er i utgangspunktet ein objekt skatt, medan grunnrenteskatten kan liknas med inntekts skatt og formueskatt, kor det er bedrifta eller verksemdsområdet som vert skattlagt. Me meiner at det er gode og saklege grunnar for å berekna skatten på forskjellig grunnlag. 6. Det er grunn til å tru at departementets forslag vil gje betydeleg økt frådragsrett ved berekning av eigedomsskatten. For Hjelmeland kommune vil dette bidra til ein dårlegare kommuneøkonomi noko som igjen går utover tilbodet til innbyggjarane i ein distrikts-kommune. Med helsing Hjelmeland kommune Lin Veronica Jacobsen fung. ordførar Finansdepartementet Til høringen Til toppen