Lom kommune - høyringssvar Dato: 13.07.2017 Svartype: Med merknad Lom kommune støttar uttale frå Landssamanslutninga av vasskraftkommunar slik det går fram av brev til Finansdepartementet dagsett 11 juli 2017. Lom kommune går i mot framlegget frå Finansdepartementet ved å redusere/ta bort retten kommunane har til å skrive ut eigedomsskatt på produksjonsliner og å utvide grunnlag for frådragsretten i eigedomsskatt frå kraftanlegg. Lom kommune merkar seg at det over tid blir lagt fram mange forslag til endringar som utfordrar det rettmessige inntektsgrunnlaget vertskommunane har frå anlegg og installasjonar knytt til verdiskaping gjennom produksjon av fornybar energi. Framlegga inneber nesten utan unntak reduksjon av inntekter og rettmessig del av verdiskapinga til vertskommunane. I denne konkrete høyringssaka vurderer Lom kommune det slik at inntektsreduksjonen er undervurdert. Lom kommune har forståing for behovet for gjennomgang av kva driftsmidlar som gjev rett på frådrag for framtidige utskiftingskostnader. Denne gjennomgangen må gjerast på ein balansert måte med representasjon frå vertskommunane, og kan ikkje overlatast til kraftbransjen isolert sett. Lom kommune vil på nytt peike på betydninga av innsyn i grunnlaget for utrekning av provenyvirkning. Kvalitetssikring av grunnlag, og gjennomgåande og gjensidig forståing av dette, er eit grunnleggjande prinsipp for å bygge tillit. Finansdepartementet Til høringen Til toppen