🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – NOU 2017:7 Det norske mediemangfoldet – En styrket mediepolitikk for bo...

Norsk Barneblad SA

Bakgrunn
Departement: Familiedepartementet 6 seksjoner

Historie

I 1887 kom det første Norsk Barneblad ut med tekster på landsmål for barn og unge. Det skulle bli starten på ein lang og rik tradisjon for nynorske tekster til norske barn. Norske barn blir tatt på alvor. Både på bokmål og nynorsk. Gode magasin, teikneseriar, eigne barnesider i aviser, eigne aktuelle publikasjonar for barn, samt NRKSuper er prov på dette. Og tyngda er på bokmål.

Nynorsken fekk tidleg rom i NRK, og fleire generasjonar nordmenn har vakse opp med nynorsk og dialekt på skjerm og i radio. Dette har vore svært viktig for at nynorsken skal ha status som eit av to jamstelte nasjonalspråk i Noreg.

Stoda i dag

Berre eitt blad som rettar seg mot barn og unge, 8-12, er redigert på nynorsk. Norsk Barneblad er aleine om dette. Framtida.no og Magasinett.no er to gode nynorske nettpublikasjonar som rettar seg mot ungdom. NRKSuper er ein viktig leverandør av godt innhald på nynorsk til dei yngste. NRKSuper har vore flinke, men vi opplever at SuperNytt ikkje lenger har mange innslag på nynorsk. I veke 21 i år sjekka vi dei siste 150 sakene som låg ute og ingen var på nynorsk. TV2 har heilt sidan starten synt at nynorsk og dialekt slett ikkje er noka ulempe for ein kommersiell kringkastar. I tillegg dukkar det stadig opp nye nettaviser som er heilt eller delvis redigerte på nynorsk.

I dag finst det om lag 50 aviser som blir redigerte på nynorsk i Noreg. I tillegg kjem det ut ei lang rekkje lokal-, region- og riksaviser som nyttar nynorsk og bokmål side om side. Til saman er om lag kvar fjerde avis redigert på nynorsk.

Barn og unge vil gjerne lese og høyre nynorsk i aviser, blad, tv, radio og på nett. Dette er avgjerande for at dei mange hundre tusen som skriv nynorsk skal få møte sitt eige språk. Det er også viktig for alle dei som lærer nynorsk som sidemål – og for alle nordmenn, ettersom alle bur i eit fleirspråkleg land. Å få møte nynorsken, utanom berre i lærebøker,  aukar både forståinga og aksepten.

Mediebransjen

I dag står norsk og internasjonal mediebransje midt oppe i ei av dei verste krisene bransjen har sett – kanskje den verste. Det er framleis ikkje klart kva som vil vere resultatet av denne krisa, eller når ho vil gå over. Norsk Barneblad meiner det er svært viktig at krisa ikkje fører til eit dårlegare medietilbod til barna – heller ikkje språkleg. Barn og unge treng eigne publikasjonar som er skikkeleg gjennomarbeidde og gode språklege. Barn er lette offer for «fake news» og det er viktig at vi kan tilby dei redaksjonelt gode produkt som dei kan stole på.  Staten har høve til å ta ei rekkje grep for at alle dei som ønskjer solid, faktasjekka, nynorsk journalistikk framleis skal få høve til det i framtida.

Finansiering

Norsk Barneblad ønskjer momsfritak for både papir- og nett-utgåver av tidsskrift, på lik linje med aviser og andre. Den største mediestøtta er i dag momsfritaket. Svært store delar av dette går i dag til avishus i Oslo som sensurerer nynorsk på redaksjonell plass. Vi stør framlegget om å frita norske medium frå arbeidsgjevaravgift. Dette er ein ubyråkratisk måte å gje redaksjonane meir armslag på. Ved at momsfritak og eit eventuelt fritak for arbeidsgjevaravgift ikkje har utbyteavgrensingar, vil staten i praksis gjere det meir lønsamt å ha forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. For å kompensere for dette, må staten ha ein aktiv politikk for å fremje meiningsberande aviser, regionaviser og lokalaviser. Det må framleis vere eit ufråvikeleg krav at aviser som får produksjonsstøtte er redigerte på nynorsk, bokmål eller samisk.

Distribusjon

Norsk Barneblad er svært uroa over dei aukande kostnadane til distribusjon. Bring, som er einaste alternativet for landsdekkjande distribusjon,  aukar satsane årleg. Det verkar pussig at det skal koste like mykje å distribuere eit blad som å trykke det. Dette gjer at mange vurderer nettpublikasjon i staden for papir. Men like fullt vil blad og magasin på papir etter alt å døme leve i mange år. Norske barn vil gjerne ha eit blad i hendene sine, slik som dei vaksne har. Og det meiner Norsk Barneblad at dei framleis må få høve til å få.

Konsesjonskrav

NRK og NRKSuper bør framleis ha krav om nytte minimum 25 prosent nynorsk på alle plattformer. NRK bør halde fast ved og utvikle distriktskontora sine. Den kommersielle allmennkringkastaren, i dag TV2, bør framleis ha krav om å halde til i Bergen og å nytte nynorsk. Dette kravet må òg gjelde heimesidene, der TV2 i dag berre nyttar bokmål.