NOU 2017:7 – Det norske mediemangfoldet
Nynorsk Pressekontor (NPK) er ein viktig produsent av nyheits- og temastoff på nynorsk for norske massemedium. NPK er organisert som ei stifting med eige styre, der medlemmene er oppnemnde av Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag. Organisatorisk har NPK ein samarbeidsavtale med Norsk Telegrambyrå om å driva sjølve pressekontoret og ha ansvaret for dei seks tilsette. NPK og NTB samarbeider nært om produksjon og distribusjon av innhald.
I 2016 sende NPK ut om lag 26.400 artiklar på nynorsk, dels frå eigenproduksjon og dels nynorskversjonar av NTB-nyheiter. Dette førte til om lag 37.500 artiklar publiserte på papir og nett i norske medium. NPK har i dag 41 faste kundar på dei ulike tenestene sine.
Stortinget legg stor vekt på den rolla NPK spelar for å styrkja det språklege mangfaldet i norske medium. Av den grunn har NPK i mange år fått ein stor del av inntektene sine frå statstilskot. For 2017 utgjer dette tilskotet 5.903.000 kroner.

Journalistikk i fare
Styret i NPK ser positivt på at Kulturdepartementet har oppnemnt eit utval som skal gå gjennom mediepolitikken med sikte på å styrkje mediemangfaldet i Noreg. Den tradisjonelle mediestrukturen er under press, mellom anna på grunn av teknologiske endringar og nye medievanar. Styret er samd med utvalet i at mykje av den samfunnsviktige journalistikken er i fare så lenge det ikkje finst nye forretningsmodellar som kan erstatta dei gamle. Dette er eit alvorleg demokratisk problem, og Grunnlova § 100 slår fast at styresmaktene har eit ansvar for å sikra vilkåra for ein opplyst offentleg samtale. Styret meiner derfor at situasjonen krev ei monaleg større statleg mediestøtte enn i dag.
Språkleg mangfald gløymt
Mediekrisa har også ei kulturpolitisk side. Aviser og andre massemedium er den viktigaste arenaen for bruk av norsk språk – nynorsk og bokmål - forutan minoritetsspråk som er i bruk i Noreg. Færre og svakare massemedium vil dermed kunna svekka norsk språk i ei tid då engelsk blir meir dominerande på ei rekkje samfunnsområde. Styret i NPK meiner at utvalet har lagt for lita vekt på denne utfordringa, og det må rettast opp i den vidare politiske behandlinga.
Me støttar utvalet sine framlegg til tiltak for samiske aviser og nyheitsmedium for andre språklege og etniske minoritetar. Me stiller oss derimot undrande til at situasjonen for nynorsk mediespråk ikkje er drøfta av utvalet i det heile. Det har vore ein viktig del av norsk mediepolitikk å sikre ein brei og variert innhaldsproduksjon også på nynorsk. Dei om lag 50 nynorske avisene i landet står jamt over sterkt blant lesarane i sine dekningsområde, men ein stor del av dei er små og økonomisk utsette. Ei forsterka mediekrise kan lett føra til at fleire av avisene bukkar under, med svekka språkleg og kulturelt mangfald som resultat.
Ein strategi for å motverka ei slik uønskt utvikling må etter styret si meining følgja to spor.

Styrking av institusjonane
For det første må dei viktigaste institusjonane som støttar opp under journalistikk på nynorsk, sikrast trygg økonomi og gode arbeidsvilkår. Det gjeld i første rekkje Nynorsk kultursentrum, Nynorsk Pressekontor, Nynorsk Mediesenter og Nynorsk Avissenter. Dei to sistnemnde spelar ei sentral rolle i utdanning og vidareutdanning av journalistar med nynorsk som bruksmål, ei oppgåve som små redaksjonar sjeldan har nok ressursar til. Nynorsk kultursentrum og Vinje-senteret skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd og medverka til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar. Nynorsk Pressekontor kan på si side avlasta og utfylla redaksjonane sitt arbeid med byråstoff på område som er viktige for lesarane, men som dei lokale redaksjonane ikkje kan dekka med eigne krefter.
Me vil i denne samanhengen også understreka den viktige rolla dei to store allmennkringkastarane, NRK og TV2, spelar for det språklege mangfaldet. Begge må sikrast økonomiske vilkår som gjer at dei framleis kan driva redaksjonell verksemd som avspeglar heile landet. Regelen om minimum 25 prosent nynorsk i NRK må liggja fast, og TV2 må framleis ha sin base på Vestlandet.

Meir til lokalavisene
For det andre må lokalavisene, som på mange måtar er grunnlaget for den mangfaldige og levande norske pressestrukturen, få ein større del av mediestøtta enn i dag. Styret ser positivt på framlegget om ein minstesats i produksjonstilskotet på 750.000 kroner for lokalaviser med mellom 1000 og 6000 i opplag, men meiner at denne satsen bør setjast endå høgare, til minst ein million kroner. Støtta til lokalavisene er uansett lita samanlikna med summen som går til momsfritak, ei ordning som særleg dei største mediehusa nyt godt av.
For styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor,
Karoline Riise Kristiansen
(Dagleg leiar og redaktør Nynorsk pressekontor)
For styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor,
Karoline Riise Kristiansen
(Dagleg leiar og redaktør Nynorsk pressekontor)