Dato: 12.06.2017 Svartype: Med merknad Høyringssvar Innleiing Vi ser at dagens grunnskule i stor grad er førebuing til studiespesialisering, medan yrkesfaga og handverk får lite merksemd i grunnskulen. Dette er med å gje yrkesfaga låg status, elevane dårleg yrkesorientering, og lite trening i handverk og reelle yrkesoppgåver. Over heile landet er gjennomføringsgraden i yrkesfag mykje lågare enn på studiespesialisering, dette kan skuldast at dei minst skuleflinke elevane med svake karakterar i «allmennfag» og utan trening i yrkesfag frå grunnskulen, blir styrt mot yrkesfag. Yrkesfaga er ulike, nokre yrkesfag er nesten reine handverk, medan andre fag t.d. krev meir systemtenking og evne til å stille diagnose. Dei skulesvake elevar kunne hatt større gjennomføringsgrad og betre sjølvkjensle med ein skule som verdsett yrkesfag og har gjeve dei praksis i dette. Yrkesorientering i grunnskulen er svært avhengig av den kompetansen og erfaring som tilsette ved skulane har. Vi trur at fleire som i dag går mot studiespesialisering manglar erfaring og kunnskap om yrkesfag og handverk. Med yrkesfag og handverk i grunnskulen vil dei skuleflinke lære om eigne evner innan for yrkesfag og handverk slik at fleire av desse og vel yrkesfag i staden for studiespesialisering. Det burde vere ein menneskerett å f å praktisere å bruke sine evner p å ting ein er god i! Vår merknad til høyring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringa. Vi kan ikkje sjå at yrkesfaga, handverk og opplæring i bedrift har fått plass i forslaget som er på høyring, vi ber derfor om at yrkesfag, handverk og opplæring i bedrift får sin rettmessige plass i overordna del av læreplanverket. Byggopp Sogn og Fjordane Nils Arne Ødegård Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"