🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Fag- og forskingsmiljøet i musikk ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Stord

Departement: Kunnskapsdepartementet
Høyringsuttale om ny generell del av læreplanen Dato: 12.06.2017 Svartype: Med merknad Me er sterkt uroa over kunst og kultur sin manglande plass i den nye generelle delen av læreplanen og især musikk som både er eit kunst- og kulturuttrykk. Allereie i første avsnitt, står det at våre felles verdiar byggjer på kristen og humanistisk arv og tradisjon. Samfunnet sine verdiar byggjer ikkje berre på arv og tradisjon, men også på kultur som eit overgripande fenomen. Vi ser også at når  kunst og kultur vert nemnd, er det gjerne med eit instrumentelt syn på deira kvalitetar. Til dømes i punkt 1.4: “elever som lærer om skapande områder som forskning, kultur, kunst og entreprenørskap, utvikler evnen til å bruke kunnskaper og ferdigheter for å gi stemme til erfaringer, finne spørsmål og løse problemer”. Dette er viktig, men samtidig  bør også generell del understreke at skuleverket både skal gje barn og unge ERFARING med, og fremje og verdsette, eigenverdien som kunst og kultur har. Allereie i den mellombelse mønsterplanen av 1971 peikar plangjevarane på det manglande samsvaret mellom mengda inntrykk barn og unge får frå tekniske massemedier og mogleikane dei har for eigne uttrykk, slik vi òg ser det så altfor godt i dag: ”En naturlig følge og et naturlig vern er å innta en sløv, passiv holdning og motta inntrykkene overflatisk. I mange tilfeller vil behovet for utfoldelse hos elevene gi negative utslag” (s. 35). Som botemiddel tilrår dei at skolen gjev elevane personlege uttrykksmiddel og rom for utfalding. Ein liknande situasjon i dagens skule vert påpeika i punkt 2.2. Elevane står i ein kompleks medieverkelegheit og den fragmentariske og til dels forvirra kultursituasjonen, som no også pregar skulen, ropar på situasjonar og aktivitetar som skapar konsentrasjon og kjensle av samhald og fellesskap. Det er fint at utkastet understrekar verdien av personleg og kollektiv danning  og utvikling av identitet, men slike formuleringar vert langt meir konkrete og dermed meir forpliktande dersom ein også seier noko om verkemiddel for at dette skal skje.  Klokt utvalde tekstar og melodiar sunge i fellesskap er, og har alltid vore, eit slikt verkemiddel som kan også i dagens skule kan løysa utfordringar i ein  ofte fragmentert og overstimulerande kvardag. Aktiviteten song kan også ha andre funksjoner. Ein fellessong som start på dagen, og songen som ei samlande kraft i ulike pedagogiske samanhangar,  skapar kjensle av liv og fellesskap , form og konsentrasjon, og den kan gje grunnlag for ettertanke. Sentralt i verdiane som opplæringa skal byggje på er m.a. kultur, kreativitet og mangfald. Me meiner elevane både skal erfare kunstnariske uttrykk og øve seg gjennom å skapa eigne kunstuttrykk. Under punkt 2.6 bør kunst og kultur kome som eit eige tverrfagleg tema då det både er eit uttrykk for og ein måte å tolke aktuelle samfunnsutfordringar på. Som vitale element i estetiske prosessar har kunst og kultur ei viktig rolle i elevane si skaparglede, engasjement, utforskartrong og kreativitetsutvikling. NOU-rapporten Fremtidens skole (2015) skildrar kreativitet gjennom omgrep som er fagoverskridande, men i stor grad også henta frå dei estetiske og kunstnariske tradisjonane: born som er nysgjerrige, uthaldande, fantasifulle, samarbeidande og kan arbeide disiplinert. “Kreativitet og nyskaping i form av estetiske og kunstneriske uttrykk har stor verdi for samfunnet, og det blir viktig fremover at kulturelle uttrykk reflekterer det økte mangfoldet i samfunnet. De fleste vil ha behov for kreativitet i sin yrkesutøvelse, og evne til nytenkning og initiativ kan bidra til å skape muligheter og livskvalitet for den enkelte og for andre mennesker “  (NOU 2015:8, s. 31). Kreativ, kulturell og estetisk kompetanse bør difor vere ei av dei sentrale grunnleggjande kompetansane under punkt 2.4. Den framtidige danninga og utdanninga barn og unge vil ha behov for er i stadig endring. Ei dynamisk forståing av kulturen og samfunnet dei er situert i, og kompetanse i kreative, kunstfaglege og estetiske uttrykk og fortolkingar er avgjerande i skulen sitt samfunnsmandat. Dette bør også gjenspeglast i den nye generelle delen av læreplanen. Ei sterkare forankring i generell del av kreativitet, kunst og kultur, og ikkje minst song, kan også gje ei sterkare lærarutdanning for heile det 13 årige skuleløpet. I dag står desse sidene ved ein lærar sin yrkeskunnskap svært svakt. I den nye femårige lærarutdanninga vil over 90% av lærarkandidatane stå utan desse erfaringane frå eiga yrkesutdanning. Dei estetiske faga og dermed songen, er sterkt svekka i denne utdanninga og kan dermed vera på veg ut som dannande verkemedel i det norske danningsprosjektet. Ein slik slutt på ein stor og stolt tradisjon og ei slik utvikling er ikkje det norsk skule treng i vår tid. Skulle så skje, utan at det politiske miljøet grip inn, vil det ikkje berre til skade for barn og unge i dagens skule. Det vil også svekka samkjensle og fellesskap i dette landet “slik det stiger frem furet, vejrbidt over vandet, med de tusen hjem”. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen