Dato: 30.10.2025 Svartype: Med merknad 1. Innleiing Som «bakteppe» i saken, synes vi det er viktig å ha med seg følgande fakta: Bykle kommune er i areal den nest største i Agder, men den nest minste i folketal (1047 fastbuande). Det å vere ein av landets minste kommunar med tanke på fastbuande, og med 3 timars reiseavstand til næraste by, er i seg sjølv ei utfordring. Vi har svært få naturgjevne føresetnader for næringsliv og busetting. Reiseliv og hyttebasert næring har vore det viktigaste livsgrunnlaget frå «det moderne reiselivet» starta opp i 1967/1968 med etableringa av Hovden Høyfjellshotell og Hovden Skisenter. Statistikk frå SSB syner at reiselivet inkl. sekundærnæringar til reiselivet står for over 50% av sysselsettinga, mens offentleg sektor sysselset ca. 35%. Altså gir reiselivet i all hovudsak grunnlag for private arbeidsplassar i kommunen - som er avgjerande for fast busetting og offentlege arbeidsplassar. Kjelde: www.ssb.no/kommunefkta/bykle Mesteparten av kommunens areal ligg innanfor hensynssoner for villrein (90%) eller verneområder (62%). Dette krev at tiltaksplanen balanserer vernet av villreinen med lokal samfunnsutvikling. Kommunens areal er på 1467 km². Mykje er høgfjell og uaktuell for utbygging, men likevel er det kun 0,64% av arealet som er bebygd, mens 1,7 km² er areal til vegar (ref. SSB). Til samanlikning er 2,3% av arealet i Agder bebygd. Vi forstår at det her er snakk om villrein, som ikkje kan «flytte», men vi meiner samtidig at tiltaka må balanserast med tanke på moglegheiten for å oppretthalde busetting i kommunen. 2. Generelle prinsipp og innspel Balanse mellom vern og lokal verdiskaping Vi støttar målet om å betre tilstanden til villreinen, men peikar på at heilt restriktiv arealbruk utan vurdering av lokalt næringsgrunnlag, i svært stor grad vil svekke livsgrunnlaget i kommunen. Lokal deltaking og medverknad Reiselivsaktørar (inkl. sekundærnæring) og kommunen må inngå som reelle medspelarar i planlegging og implementering. Tiltaksplanen omtalar dialogforum og kompetanseheving, noko vi ser som positivt. Kunnskapsbasert og differensiert forvaltning Når kommunen har svært stor del av arealet under vern/hensynssoner, må tiltak tilpassast lokale bruksmønster og næring, og ikkje byggje på einsidige generelle føringar. Samspel med nasjonal reiselivsstrategi Tiltaksplanen bør sjåast i lys av Nasjonal reiselivsstrategi 2030 – «Sterke inntrykk med små avtrykk» der berekraft og lokal verdiskaping er sentrale og at lokalbefolkninga sine meiningar skal vektleggast/vere styrande for utviklinga. Reiselivet kan bidra til formidling, styrt ferdsel og oppleving med låge negative avtrykk. Informasjon og tilrettelegging framfor automatisk restriksjon Vi meiner at tiltak som går på god informasjon og kunnskapsbygging, skilting og besøksstyring er viktigare enn omfattande forbod som ikkje bygger på lokal medverknad. Ressursar til forvaltning av verneområde, samt samarbeid med reiselivet om informasjon / formidling er viktige tiltak. Økonomiske konsekvensar Vi etterlyser kunnskap om dei økonomiske konsekvensane av tiltaka i planen. Dersom tiltaka fører til redusert rom for reiselivs- og/eller hytteutvikling i randsona av villreinområda må det evt. følgje med ordningar for kompensasjon / omstillingsmidlar. Heilskapleg arealpolitikk og føreseieleg utvikling Med meir enn 90% areal til vern/hensynssoner, er det spesielt viktig at planverk og tiltak gir føreseielege rammer for reiselivet og busetting – slik at aktørar kan planlegge investeringar og drift framover. 3. Konkrete merknader Vi ber om at planen inkluderer ei konsekvensutgreiing med tanke på reiseliv/hyttebruk som næring i fjellbygdene og korleis tiltaka vil påverke lokalt nærings- og busettingsgrunnlag. Dialogforum omtalt i planen (tiltak 8) bør ha fast representasjon frå lokale aktørar – ikkje berre forvalting. Besøksforvaltning og styring av ferdsel (motorisert og ikkje-motorisert) er omtalt i planen. Det er viktig at kommunen og næringslivet får delta i utforming av løysingar som ikkje unødig hemmar aktivitet og arbeidsplassar. Dette er spesielt viktig mtp. langrennsløyper/turløyper og alpinsenteret, som er dei største motorane i lokalt næringsliv. Skiløypene til Sloaros og Auversvatn bør kunne opnast seinast i veke 7 med tanke på vinterferiegjester. For Hovden Alpinsenter, føreset vi at det er kartet til Heiplanen som er gjeldande og at ein ikkje risikerer at alpinløyper vert ramma av tiltaka. Det må vere mogleg å utvikle turstiar i tråd med det kommunen legg fram i sti- og løypeplanen. Her tek ein mange omsyn til villrein og natur (miljø), men også til å balansere det miljømessige med sosiale og økonomiske omsyn for noverande og framtidige generasjonar. Lokal verdiskaping / næringsgrunnlag må prioriterast framfor DNT og forsvaret sin aktivitet i fjellet. Det bør vurderast særlege støtte- og utviklingsmidlar til kommunar som Bykle med stor næring innanfor hytte og reiseliv, slik at overgangen til meir berekraftig bruk skjer utan tap av busettings- og næringsgrunnlag. Vi takkar for høvet til å uttale oss og stiller oss positive til tiltak som bidreg til betre tilstanden for villreinen. Samstundes understrekar vi at tiltaksplanen må ta omsyn til lokalsamfunna, inkludert sosial og økonomisk berekraft. Bykle og Hovden Vekst AS (morselskap til Destinasjon Hovden) sluttar seg til denne uttalen. Med venleg helsing Destinasjon Hovden AS Unn Hovden Dagleg leiar Kopi: post@bykle.kommune.no Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen