Støtte til forskrift om arbeidstid for avlastarar og besøksheimar Dato: 06.06.2017 Svartype: Med merknad Stryn kommune støttar framlegg til forskrift om arbeidstid for avlastarar og besøksheimar. Unnatak frå arbeidstidsreglane, slik forskrifta legg opp til, vil sikre oppretthalding av tilbod om døgn- og helgeavlasting for dei som treng det. Forskrifta løyser ikkje alle behov knytt til trong for avlasting, men sikrar at eit minimum av behov let seg løyse på lovleg vis. Det er ynskjeleg å finne løysingar også for ferieavlasting som varer lenger, og for støttekontakttenester. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen