Høyringsuttale avlastardommen Dato: 09.06.2017 Svartype: Med merknad Høyringsuttale avlastardommen: Forslaget i forskrifta om at avlastar som har eit ordinært arbeidsforhold i kommunen frå før, ved avlastning i meir enn eit døgn, skal ha 16 timars arbeidsfri både før og etter avlastninga fører til store utfordringar for Surnadal kommune. I all hovudsak skjer avlastning hos oss ved at det blir inngått avtale for samanhengande avlastning over 16 timar. Ofte blir avlastning gjeve frå fredag ettermiddag (eksempelvis kl. 16.00) til søndag kveld. For dei som er tilsett i kommunen i ordinær stilling, betyr det at dei ikkje kan vere på jobb etter kl. 20.00 torsdag kveld. Dersom dei skal møte på jobb i si ordinære stilling måndag morgon, må avlastninga slutte søndag ettermiddag kl. 16.00. Dette vil føre til at avlastningstilbodet som kommunen kan gi, blir dårlegare enn det er i dag. Desse utfordringane gjeld ikkje minst for kommunale arbeidstakarar som går i turnus, men det vil også vere eit problem for dei som har dagarbeidstid. Utfordringane vil vere størst for dei som har heiltidstilsette, men det vil også vere eit vanskeleg å få dette til å gå opp for deltidstilsette. Det er lite truleg at arbeidstakarar vil redusere størrelsen på si ordinære stilling, for å inngå avtale om avlastningsoppdrag. Dette kan gjere det vanskeleg både å rekruttere nye avlastarar, og få dei som vi har i dag til å fortsette som avlastarar. Ofte skjer denne type engasjement av avlastningsheim og besøksheim hos nokon som både barnet/barna og foreldra kjenner frå før og er trygge på. Det kan vere nokon som dei er i familie med eller har kjennskap til på anna måte. I dette ligg at mange avtalar blir laga med avlastarar som er heimehørande i den kommunen som engasjerer avlastaren. Det vil vere utfordrande om kommunen pga problem knytt til oppfylling av forskrifta, må la vere å velge den beste løysninga for barnet ved å vere «nødt» til i staden å velge avlastar som ikkje er tilsett i kommunen frå. Som ein konsekvens av forskrifta må ein frå kommunen si side eksempelvis ved ferieavlastning vurdere å gjere bruk av eigne avlastningsboligar i kommunen og ikkje i private heimar (med privat avlastar). Dette vil vere ei vesentleg forringing i forhold til det som ein i dag har av avlastningstilbod. Dette vil også medføre betydelege meir-kostnadar for kommunen, som allereie i dag har eit meget stramt budsjett. Surnadal kommune vil be om at ein finn ei løysing der det ikkje blir sett krav om 16 timars arbeidsfri periode både før og etter avlastning (der avlastninga overstig 24 timar) for avlastarar som er tilsett i ordinær stilling i kommunen. Det er ei utfordring at det ikkje er funne ei løysing i forhold til å gi ferieavlastning til familiar som kan ha stort behov for eit lengre avlastningsopphald om sommaren. Surnadal kommune ønskjer at det i forskrifta blir avklara nærare kva vilkår som skal gjelde for avlastarar, og dei arbeidsrettslege konsekvensar som følgjer av forslaget. Det gjeld til dømes ved bortfall av behov for avlastning. Surnadal kommune ser at det kan bli ei stor utfordring å rekruttere nye avlastarar i åra framover. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"