Tolking av opptakskravet når det gjeld formulering om profil på bachelorgrad som gir grunnlag for opptak til PPU
Kunnskapsdepartementet skriv i sitt høyringsbrev av 15.03.2017 at det er viktig «at det rekrutteres tilstrekkelig antall lærere med fagkompetanse i praktiske og estetiske fag til læreryrket». Vi er samd i dette, og det er grunn til å vere uroa over situasjonen på dette feltet i dag. Både i dei ordinære lærarutdanningsløpa og i samband med vidare- og etterutdanning får desse faga liten plass, og utdanningsnivået blant lærarar i dei praktiske og estetiske faga er svært lågt. Mange som underviser i desse faga, har ikkje formell utdanning i det heile. Kunnskapsministeren si pressemelding den 22.12.2015 om dei viktigaste endringane i ny rammeplan om praktisk-pedagogisk utdanning, vart difor oppfatta som ein presentasjon av eit viktig tiltak for å bøte på dette. Formuleringa var klar: «Kandidater med bachelor i praktiske og estetiske fag gis unntak fra krav om master og kan tas opp til PPU.» Arbeidet med å legge til rette for denne ordninga starta såleis i fagmiljøa. Eitt år seinare vert det stilt spørsmål ved denne tolkinga. Dette er svært uheldig.
Departementet skriv i høyringsbrevet: «Intensjonen med åpningen i forskriften var ikke å gi adgang til å omgå opptakskrav til lærerutdanning, eller andre krav i andre lærerutdanningsforskrifter.» UH-institusjonar som gir BA- eller MA-utdanning i praktiske og estetiske fag, uteksaminerer kandidatar med særlege kvalifikasjonar i desse faga. Anten dei har opptaksprøve eller ikkje, ser vi at dei ved avlagt grad representerer ein fagkompetanse etter 3 – 5 års fagutdanning, som saman med påbygging i PPU vil vere av stor verdi i skulen. Desse lærarane skal undervise frå 5. til 13. trinn. I høyringsbrevet legg ein vekt på at ein skal rekruttere personer med «meget høy kompetanse innenfor praktiske og estetiske fag, og med en allsidig erfaringsbakgrunn, til læreryrket.» Nokre tolkar dette slik at ein her har tenkt på kandidatar frå kunsthøgskulane. I spesialiserte løp i vidaregåande skule er det behov for høg kompetanse innanfor smale felt knytt til utøving innafor t.d. musikk eller bildande kunst. Når det derimot gjeld undervisning frå 5. klasse av, meiner vi likevel at allsidig erfaringsbakgrunn er viktigare.
BA-gradane innanfor dei praktiske og estetiske faga gir grundig og relevant kunnskap som er i ferd med å bli mangelvare i skulen. Vi minner om at følgjegruppa for GLU tidlegare har uttrykt uro over manglande tilbod i desse faga. Politisk leiing i KD understrekar at vi no treng fagfolk som kan komme med kreative løysningar på komplekse problemstillingar, og som kan samarbeide på tvers av faglege, kulturelle og nasjonale grenser. Vi treng då fagmiljø med særleg kompetanse innanfor kreativ metode og med evne til å leggje til rette for skapande verksemd. Når den praktiske og estetiske dimensjonen i lærarutdanningane vert nedprioritert, går elevane glipp av viktige danningselement. Handlingsboren kunnskap og utøving av kunstnarleg verksemd er sentrale verdiar i denne samanhengen. Det er lærarar med slik kompetanse ein no står i fare for å miste ved ei innsnevring av opptakskravet.
Forskrifta stiller krav om at søkjarane i dei estetiske faga at skal vere utøvande og skapande . Dei aller fleste studentane innanfor estetiske gradsgjevande studium vil kunne karakteriserast som utøvande og skapande. Diskusjonen om kva nivå dei er på, og kven som eigenleg kan oppfattast som kunstnarar, er svært utfordrande. I akademisk forstand vil dei få sin karakter på bakgrunn av læringsutbyteformuleringane i program- og emneplanar. I debatten om kva som er god kunst, vil ein knapt kome fram til semje, i svært mange samanhengar.
BA-gradane på HVO gir høve til praktisk utøving både med omsyn til teater, bildande kunst og musikk, i tillegg til tverrkunstnarleg utøving. Vi ser at svært mange med utdanning i praktiske og estetiske fag går ut i kommunane i delte stillingar. Dette inneber at både kulturskule, skule og skulefritidsordningar kan få godt kvalifiserte lærarar innanfor fleire kunstfelt. Mange av desse lærarane er i tillegg utøvande kunstnarar. I rapporten Kulturskoleløftet - Kulturskole for alle (07. 09. 2010) er det lagt særleg vekt på dette:
Kulturskoleutvalgets undersøkelse viser at svært mange av dem som arbeider i kulturskolen har delte stillinger. Dette gjelder også mange lærere i kunstfag i skolen. Samtidig er det slik at en del kunstnere ønsker å drive med kunstformidling til barn i tillegg til sitt daglige virke som kunstner. Kunstnere, lærere og kulturskolelærere har en felles utfordring med hensyn til å kombinere sin kunstfaglige og barnefaglige kompetanse. Det vil, etter utvalgets mening, være nyttig å stimulere utviklingsarbeid i universitets- og høgskolesystemet, som kan bidra til økt kompetanse knyttet til kunstformidling til barn innenfor både skole- og kulturskolesektoren samt i organisasjonslivet / frivillig sektor. Særlig er dette aktuelt i forbindelse med ulike typer lærerutdanning. I arbeidet med å fornye praktisk pedagogisk utdanning (PPU) vil det være avgjørende å tenke utover grunn- og videregående skole, for eksempel ved å sikre muligheten for praksisplasser i kulturskolen. Dette mangfoldet er det viktig å ta vare på over heile landet. (s.72)
Høyringsbrevet legg opp til at søkjarar skal kunne visast til andre utdanningstilbod dersom dei i utgangspunktet kan tenkje seg å bli lærarar. «Søkere til grunnutdanning, som vet at de skal bli lærere i praktiske og estetiske fag, bør veiledes inn i de treårige faglærerutdanningene eller grunnskolelærerutdanning, med gjeldende skolepoengkrav og karakterkrav.» Det er ikkje verken praktisk mogleg eller ønskeleg å leggje til rette for ei slik ordning. Kven som skulle ta på seg å definere motivasjonen til studentane, og når det skulle gå føre seg, er vanskeleg å forstå. Dessutan vil det vere flott om det oppstår eit ønske hos studentane om å bli lærar undervegs i studiet. Faglærarutdanningane i dei praktiske og estetiske faga har ikkje vore særleg populære, og mange av desse har blitt lagde ned grunna mangel på søkjarar. Til dømes har HVO opplevd å måtte leggje ned faglærarutdanninga i formgiving, kunst og handverk, medan vi har hatt god søking til BA-graden i same fagområde. Dette kan tyde på at mange vil ta avgjerda om å bli lærar undervegs i studiet.
Lærarar i praktiske og estetiske fag har ein viktig funksjon lokalsamfunna. I skulen vil desse lærarane vere av dei som har lengst fagleg utdanning innanfor eit spesielt fag; heile tre år og altså 180 studiepoeng. Dei vil også kunne fylle funksjonar i både kommunal og frivillig sektor, av di dei har kvalifikasjonar som det elles vil vere svært vanskeleg å skaffe. I frie kreative næringar vil dei også ha ei viktig rolle å spele i utviklinga av lokalt næringsliv.
Vårt framlegg er at formuleringa frå kunnskapsministeren si pressemelding i desember 2015 vert lagt til grunn for endringar i forskrifta: Kandidater med bachelor i praktiske og estetiske fag gis unntak fra krav om master og kan tas opp til PPU. Resten av oppgåva med å gje utdanninga både ei skapande og utøvande form og gjere PPU-utdanninga meiningsfull og relevant for framtidas lærarar i praktiske og estetiske fag, må utdanningsinstitusjonane ta ansvaret for sjølve.
Vi gjer framlegg om følgjande formuleringar av krav til bachelorutdanningar som kan gje opptak til PPU:
Første avsnitt: Tilføyelse i andre og tredje strekpunkt:
(1) For å bli tatt opp til praktisk-pedagogisk utdanning må søker ha
- en mastergrad som inneholder minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven kapittel 14.
- en bachelorgrad i estetiske fag med minimum 180 studiepoeng i faget. Graden kan omfatte studier innenfor hele bredden av kunstneriske uttrykk innen arkitektur, dans, design, film, musikk, teater og visuell kunst.
- en bachelorgrad i idrettsfag med minimum 180 studiepoeng i faget. Graden må omfatte basisår i idrettsvitenskap eller tilsvarende. Basisåret må sikre læringsutbytte innenfor aktivitetslære og naturvitenskapelige og samfunnsvitenskapelige emner.
(2) Institusjoner som tilbyr PPU integrert i bachelorutdanning jf. forskriften §3, kan ta opp studiesøkere som tilfredsstiller krav for opptak til bachelorgraden, til det integrerte løpet.
(3) Institusjoner som tilbyr PPU integrert i påbygging til mastergrad jf. forskriften §3, kan ta opp studiesøkere som tilfredsstiller krav for opptak til mastergraden, til det integrerte løpet.
Ein kan ta kontakt med Gonnie Smit, tlf. 70075050 eller på e-post gonnie@hivolda.no om det er spørsmål til høyringssvaret.
Med helsing
JohannRoppen Jacob Kjøde jr. rektor