Høringsnotat om forslag til endringer i legemiddelloven (avgifter og gebyrer). Dato: 02.05.2017 Svartype: Med merknad Viser til høringsnotat om forslag til endringer i legemiddelloven (avgifter og gebyrer). Helse Førde har diskutert høringa med mellom anna personale i Apoteket (SAV), som best kjenner til eventuelle konsekvensar av desse endringar. Vi finn det fornuftig å handheve prinsippet som er nemnt om at administrasjonen av innkrevjing av gebyr bør stå i forhold til storleiken på gebyret, så slik sett er det akseptabelt at nokre gebyr fell vekk. Generelt er det slik at ein må dekke inn utgiftene som er nemnd til SLV, RELIS og apotek. Samstundes er det klart at når industrien blir pålagt avgifter så skyv dei desse utlegga vidare nedover i systemet slik at apoteka får si økonomiske bør å bere. Spørsmåla vert da om det hadde vore fornuftig å auke fortenesta til apoteka, slik at dei slapp å selge alle merkelege tilleggsprodukt (til dømes mascara og matvarer) for å gå i balanse økonomisk. Slik er situasjonen pr. i dag og slik vil det vere i framtida dersom ikkje legemiddelavansen blir auka. Så dei foreslåtte endringane vil ikkje endre denne situasjonen. Det er klart at desse momenta vil påverke legemiddeløkonomien i landet, der utfordringane synes å vokse år for år. Kristine Longfellow, fagdirektør Helse Førde Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"