Vedtak i Rogaland fylkeskommune Dato: 06.02.2017 Svartype: Med merknad Fylesutvalet i Rogaland fylkeskommune, RFK, handsama høyringa i møtet 31. januar 2017, sak 12/17. Saksutgreiing ligg med. Vedtak: RFK meiner det må vere at mål at mest mogleg av data om sjøbotn vert tilgjengeleg som høgoppløyselege data for alle. RFK tykkjer dte er bra at Statens Kartverk skal forvalta regelverket og søknader om dispensasjon frå lova. Statens Kartverk har hovudansvaret for å leggje til rette for eit optimalt kartgrunnlag for ei berekraftig samfunns- og næringsutvikling. RFK understrekar kor viktgi det er med gode marine grunnkart for å få til ei berekraftig næringsutvikling og verdiskaping. Staten vert sterkt oppmoda til å prioritera midlar til dette arbeidet. Vedlegg Saksutgreiing- høyring.pdf Forsvarsdepartementet Til høringen Til toppen