Konklusjon
Sogn og Fjordane fylkeskommune er nøgd med at all informasjon grunnare enn 30 m kan visast med høg oppløysing (ugradert).
Vi ønskjer i utgangspunktet at djupnedata for resten av kysten (djupare enn 30 m) kan verte frigitt med ei oppløysing på 10x10 m.
Høyringsbrevet skisserer departementet sitt framlegg og arbeidsgruppa sitt kompromiss, av desse to alternativa stør vi framlegget frå dei sivile medlemmane i arbeidsgruppa om at alle data med ei oppløysing ned til 25x25 m bør vere «ugradert», og at data ned til 10x10 oppløysing kan vere «begrenset».
Dersom data med informasjon med oppløysning mellom 50x50 meter og 10x10 meter vert «begrenset» eller «konfidensielt», må det opnast for at kommunar og fylkeskommunar med eigarskap til botndata (initiert og medfinansiert botnkartlegging) kan verte sikkerheitsklarert og få tilgang for planlegging og sakshandsaming.
Sogn og Fjordane fylkeskommune vil peike på at det er eit stort behov for mulitstrålekartlegging og opparbeiding av marine gunnkart for Norskekysten, slik som MAREANO er for området utanfor territorialgrensa. Ei slik kartlegging bør ha høgst mogleg oppløysing, og bør vere statleg finansiert.