Høyringssvar frå Vestlandsrådet Dato: 30.01.2017 Svartype: Med merknad Vestlandsrådet sitt AU vil gje følgjande uttale til føreliggjande framlegg til lov om opptak og bruk av informasjon om skjermingsverdige objekt, militære anlegg og område og botnforhold: Vestlandsrådet er nøgde med at alle data for område grunnare enn 30 m. kan visast med botnkart med høg oppløysing. Det er vidare vanskeleg å argumentere imot Forsvaret sine synspunkt på kvar grensa går for kva oppløysingsgrad på kart som må vernast mot offentleg innsyn. Forsvaret har sett dette som eit generelt forbod på oppløysing betre enn 25x25 m. Vestlandsrådet ber likevel om at botnkart med slik oppløysing får kategori «avgrensa». Då vil ein lettare kunne søkje dispensasjon frå hovudregelen i dei tilfelle Forsvaret finn at botninformasjon for visse område ikkje er i strid med nasjonale tryggleiksinteresser. Dette vil også gje kommunar og næringsinteresser eit betre grunnlag for planlegging og bruk av arealet. Vestlandsrådet vil peike på at det framleis er eit stort behov for ei multistrålekartlegging og opparbeiding av marine grunnkart for Norskekysten, slik Kyst-Mareano la opp til. Vestlandsrådet seier seg lei for at dette arbeidet enno ikkje har starta opp med hjelp av statleg finansiering. I dag vert dette arbeidet finansiert m.a. av kommunar og fylkeskommunar, noko som ikkje er ei optimal løysing då denne type infrastruktur bør, og skal, vere eit statleg ansvar. Forsvarsdepartementet Til høringen Til toppen