Direkte tilgang til fysioterapeut uten henvisning fra lege Dato: 02.02.2017 Svartype: Med merknad Hå kommune støttar departementet sitt forslag om å oppheve kravet om henvising frå lege, manuellterapeut eller kiropraktor for å få rett til stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. I tillegg har vi følgjande kommentarar: Det kan få konsekvensar for organiseringa av fysioterapeuttenesta. Dei vil måtte bruke meir tid for å få fram bakgrunnsinformasjon. For fastlegene vil det føre til frigjort tid. For folketrygda og pasientane vil det føre til mindre utgifter. Vi vil få meir motiverte pasientar i den gruppa som henvendar seg sjølv. Vi kan få utfordring ifht siling då dei mindre ressurssterke i mindre grad vil oppsøkje fysioterapeut på eiga hand. For pasientar som er sjukemeld av fastlegen må kommunikasjon verta sikra slik at fysioterapeutar kan kommunisera elektronisk med fastlegen, og automatisk sende epikrise ved avslutta behandling. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"