Høringsvar frå Vinje kommune oppheving om krav til henvisning for å få rett til stønad Dato: 06.01.2017 Svartype: Med merknad Vinje 06.01.17 Viser til høringsnotatet som er utsendt, svarer med dette som kommuneoverlege på vegne av kommunen. Eg er ikkje einig i forslaget om å ta vekk krav til henvisning til fysioterapeut. Det blir i høringsnotatet argumentert at ein ønsker å avlaste fastleger og forkorte ventetid til behandling. Eg meiner det er andre tiltak som heller bør vurderes når det gjeld fastlegers kapasitet og ventetider, som til dømes listelengde, organisering og bedre styring av fastlegenes drift som kommunene har moglegheit til. Fastlegane bør derimot prioritere og ta imot pasienter med muskel og skjelettlidingar med kort ventetid. Muskel og skjelettlidingar er ei stor utfordring for helsevesenet og for trygdeutgifter for samfunnet. Eg meiner at ved å fjerne krav om henvisning vil føre til at fastlegane bli meir perifere og mindre involvert i utredning, behandling og oppfølging av pasienter med muskel og skjelettlidinger. Eg frykter at samarbeid mellom fysioterapeut og lege vil bli dårlegare med denne endringa. Eg meiner at legens første vurdering av pasienten er svært viktig, og kan gje verdifull informasjon om diagnose, vurdering om behov for vidare diagnostiske undersøkelser og deretter målretta behandling. Fastlegane har viktig funksjon som portvokterer, og ved å fjerne henvisningskravet er ein med å svekke denne funksjonen som eg meiner i sin tur vil gi auka kostnader for samfunnet. For fysioterapeutane frykter at ein vil kunne få vansker med å prioritere mellom pasientane, med bortfall av legens initiale vurdering. Med endringa meiner eg at det er fare for at dei mest arbeidskrevande pasientane ikkje blir prioritert tilstrekkeleg, til fordel for mindre krevande tilfeller som gir bedre inntening for terapeuten. For Vinje kommune Rune Aasbø Lystad Kommuneoverlege i Vinje kommune Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"