Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad TILTAKSPLAN VILLREIN SETESDAL AUSTHEI VILLREINOMRÅDE Som grunneigar og brukar av Setesdal Austhei støttar vi Tiltaksplan for Setesdal Austhei Villreinområde. Tiltaksplanen vil betre levekåra for villreinstamma, og på sikt kunne føre til auka villreinstamme. Det er ynskjeleg med tiltak for at heile det store villreinområdet på Setesdal Austhei sør for FV450 blir meir brukt av villreinen. Dyregraver som er synlege idag ligg mellom Lægdi (Homme) og FV450 (Telemark). Dyregravene viser at heieområdet Setesdal Austhei er villreinområde frå gamal tid. Villreinjakt har stor økonomisk verdi for grunneigarane i Setesdal Austhei. Jaktkvotane i 2025 var på 860 dyr til heile området, Homme (SA10) hadde 38 dyr. Vi reknar med at villreinjakt får aukande verdi i framtida. Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"