Barneverntenesta sin rett å inngå avtalar etter § 116
Gjeldande § 8-4 blir i det nye lovforslaget erstatta av § 116. I det store og heile har dei to paragrafane likt innhald med mindre språklege endringar. Fylkesmannen vil kommentere den retten kommunane, ved barneverntenesta, har til å inngå avtaler etter dei to paragrafane.
I saker som gjeld fleire kommunar, gjev første ledd i begge paragrafer kommunane rett til å inngå avtale om kven som skal ha ansvaret for å reise sak. Etter tredje ledd i begge paragrafar har kommunane dessutan høve til å inngå avtalar om kva for ein kommune som skal ha ansvaret for gjennomføring, oppfølging og kontroll av ei sak som er reist for fylkesnemnda.
Det har vore stilt spørsmål ved om gjeldane § 8-4 uttømmande regulerer retten til å inngå avtalar mellom kommunar om fordeling av ansvar som avvik frå hovudregelen om at det er opphaldskommunen sitt ansvar å reise sak. Spørsmålet vart handsama i Rt. 1999 side 593. Her uttala Høgesterett mellom anna at «bestemmelsen om avtaleadgang i annet punktum bare gjelder kompetansen til å «reise sak» om slike konkrete inngrep som § 8-4 første ledd 1. punktum viser til. Men også utenfor disse alvorligste sakene kan det åpenbart være behov for avtaler, for eksempel i tilknytning til undersøkelser etter § 4-3 og til mer tilfeldig bistand og andre typer tjenester etter loven.»
I Ofstad og Skar, Barnevernloven med kommentarer , sjette utgåve side 448-452 er det uttala at det etter nemnte dom fra Høgsterett må kunne «legges til grunn at § 8-4 ikke uttømmende regulerer adgangen for kommuner til å inngå avtaler som avviker fra lovens regler om ansvarsdeling. Dette må for eksempel innebære at kommuner kan inngå avtaler om at en annen kommune enn barnets oppholdskommune skal foreta undersøkelser etter § 4-3.»
Då den nye § 116, i likskap med gjeldande § 8-4, berre gjeld retten til å gjera avtaler om å «reise sak», kan det sjå ut som at lovutvalget ikkje har tatt dommen fra Høgsterett til følgje. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er einig med Høgsterett i at kommunane bør ha ein større avtalerett enn det ordlyden i § 8-4 tilseier, og meiner dermed at ordlyden i den nye § 116 må endrast i tråd med dette.
Fylkesmannen vil til slutt kommentere at § 116, slik paragrafen no er formulert, inneheld ein feil. I paragrafen sitt andre og tredje ledd visast det til avtaleretten i «første ledd andre setning». Her skal det stå «første ledd tredje setning».