Høyringssvar om endringar i opplæringslova - Direkte overgang i retten til videregående opplæring og rett til videregående opplæring for de med slik opplæring fra utlandet Dato: 16.01.2017 Svartype: Med merknad Fylkesmannen i Rogaland sluttar seg til Kunnskapsdepartementet sitt forslag om å utvida ungdomsretten slik at elevane beheld retten ut det året dei fyller 24 år. Departementet spør særleg om høyringsinstansane sitt syn på om dei som er under 25 år, og som har fullført vidaregåande opplæring i andre land som ikkje godkjennast i Noreg, skal få rett etter opplæringslova §§ 3-1 eller 4A-3. Fylkesmannen i Rogaland meiner at desse bør få rett § 3-1. Sjølv om ein rett etter § 4A-3 tilsynelatande gir noko meir rom for å tilpasse den einskilde sitt behov ut frå realkompetansen han/ho har, vil Fylkesmannen i Rogaland peike på at desse elevane uansett vil ha eit stort behov for tilrettelegging. Ein rett etter § 3-1 gir også moglegheit for å gi tilrettelegging ved at gruppa også vil ha rett etter § 3-12. Siste leddet her gir fylkeskommunen høve til særskild organisering og avvik frå læreplanverket i inntil to år, samt rett til spesialundervising etter § 5-1. Fylkesmannen i Rogaland meiner difor at gruppa er best tent med å få rett etter § 3-1. Ei utfordring departementet ikkje nemner i høyringa er at denne gruppa elevar berre har rett til vidaregåande opplæring dersom dei er «busette». Dei som har lovleg opphald medan dei venter på få avgjort søknaden sin om busetting, har kun rett etter § 3-1 dersom dei er under 18 år. Dersom dei får rett etter § 4A-3 vil den også starte å gjelde etter at dei har fått behandla søknaden sin og er busette. Gruppa mellom 18 - 25 år har heller ikkje rett til introduksjonsprogrammet eller rett og plikt til norsk og samfunnsfag, jf. introduksjonslova §§ 2 og 17 utan særskild avtale om busetting med utlendingsmyndighetene og kommunen. Fylkesmannen i Rogaland meiner difor at ein også må sjå på rettane til dei mellom 18-25 år som oppheld seg lovleg i landet i medan dei venter på å få avgjort søknad om opphaldsløyve. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen