Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad For oss som har vore på støylen i Finndalen sia me var små er dette eit uforståeleg tap. Her har reinsdyr, sauer og ørnar alltid vore rundt støylen sjølv om me var der. Reinen er nokre gonger redd andre gonger ikkje. Scoterar bryr dei seg ikkje om viss dei ikkje blir forfulgt. Viss me ikkje får vere på støylen så kjem den sagnomsuste dalen til å gro til og eit kultuminne gå tapt. Her budde folk i mange hundre år ,lenge før tamreinen kom dit ! Viss me ikkje får vere der lenger har staten øydelagt for oss og dei som kjem etter oss. Då mister me det mest verdifulle me har i bygda vår Valle. Naturen,heiane våre er me så glad i,me må få lov å halde fram å bruke dei! Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen